Vassvarden på pause inntil vidare

Hella-VassvardenGrunneigar på Hella var i kontakt med meg og gav beskjed om at han ikkje ville ha turgåarar på privatvegen eller gjennom eigedomen sin lenger. Det lyt vi berre respektere.

Syril trim vil:

  • vurdere om det er mogleg å finne ein alternativ start i nærleiken, eller
  • ta ned og flytte posten til ein anna stad.

Med mindre du går opp frå andre stadar, ikkje ta turen til Vassvarden inntil vidare.

Trimkorta 2018 er i sal

No er vårvarmen på veg og Syril Trim er klar med ein ny sesong. Klyppekorta kan kjøpast hjå Små Livsgleder og Erling Røysum AS. Betal kontant eller med Vipps til 88235 med teksten «Trim», og du får utlevert kort:

  • Kort med alle 20 hovudpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre postar, fleire gonger til kr 50.

Korta kan kombinerast. Har du begge korta med deg rundt på dei 20 hovudpostane, treng du berre 10 ekstra klypp/turar for å få fullt Trim 30-kort.

I 2017 la vi ut 5 ekstra klyppetenger. Desse er plassert slik at dei med Trim 30-kortet får fleire korte turar å velje mellom. I tillegg til hovudpostane, kan ein med Trim 30-kortet klyppe her:

  1. Skoparsete (Ny i år. Klyppetang kjem på plass om litt)
  2. Hangsete
  3. Tuftahaug
  4. Raumålsgrindi
  5. Friksdal (Det kan vere lurt å sykle til Flya.)

Som tidlegare år blir det trekning av premiar på innleverte kort sesongen er avslutta. Salet av kort – kostnaden for korta går til premiar. Før innlevering hugs å skrive namn og tlf.nr på baksida av kortet.

Trim 30 junior: Det blir eigen trekning for barn fødd i 2003 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skrive fødselsåret til barnet i tillegg til namn og tlf.nr på baksida av kortet.

Turpost 2018
Foto: Kari Kitty Stadheim
Trim 30 2018
Foto: Vilde Rød Knudsen

 

Endring i trimprogrammet for 2018

Kart over turpostar 2018
Raud og gul stjerne = Dei 20 ordinære turpostane
Blå og gul stjerne = Ekstra trim

Sidan det pågår arbeid i Huksdalen, har vi valt å fjerne posten på Nyastølen. Klyppetanga frå Nyastølen blir flytta til Skoparsete. Har du Trim 30-kortet i år, får du eit klypp for turen dit. Meir informasjon om trimmen finn de på sida vår.

Årsmelding 2017 og årsmøtet

Årsmeldinga for 2017

Referat frå årsmøtet 27.02.2018

Eit par presiseringar:

  • Rekneskapen for 2017 inneheld ei korrigering som gjeld 2016. Det medfører at resultatet er feil. Ein må sjå 2016 og 2017 i saman for å danne eit korrekt bilete av drifta i Syril:
    2016 2017
    Styret 674 035 -39 265
    Feilføring – 333 000 333 000
    Resultat 341 035 293 735
    Årsresultat 998 684 142 826
    Feilføring – 333 000 333 000
    Årsresultat 665 684 475 826
  • I revisjonsrapporten er det merknad på dokumentasjon av inntekter. Det gjeld inntekter på konto 3010 Kiosksal. Gruppene blir oppmoda om å halde god oversikt over kontantsalet. Det bør leggast til at innføring av Vipps i 2017 medfører at stadig meir av det som tidlegare var kontantsal går rett i bank. Syril oppmodar om bruk av Vipps ved kjøp i kiosk.
  • Det har ikkje lukkast Syril å finne ny kasserar. Arild Bjørk held fram som kasserar.

Bli med på Grasrottrenarkurs del 1 “Barnefotball”

Syril fotball planlegg å få gjennomført Grasrottrenaren delkurs 1 for våre trenarar vis det er tilstrekkeleg med deltakarar, kurset vert onsdag 25. april og onsdag 2. mai kl 17.30.

Kurset er eit lågterskelkurs for breiddetrenarar – alle kan og bør ta kurset. Vi vil oppfordra alle våre trenarar som ikkje har dette til å delta. Det vil gi auka kompetanse, motivasjon og tryggleik i treningsarbeidet. Samtidig skal dette vere ein sosial arena der ein kan lære av kvarandre og utvikle samhald i klubben.

Nytt av året er at teoridelen i Grasrottrenarkurset no er e-kurs som deltakarane gjennomfører i forkant av kvar samling. Kurset vert gjennomført over to kveldar og består av ei kort oppsummering av teoridelen på 1 time og ein praktisk del på ca. 2 1/2 time. Kretsen stiller med høgt utdanna trenarar som står for gjennomføringa av kurset.

Gje tilbakemelding om de ønskjer å delta på kurset til Steinar Røysum, tlf 90145370 eller e-post s-roysum@frisurf.no  snarast mulig og seinast innan 18. april. Når kurset nærmar seg, vil de få tilsendt informasjon om påmelding via nett og e-kursa.

Meld  dykk på dette vert nokre kjekke og nyttige kvelder på banao!

Les om trenarutdanninga NFF Grasrottrenaren. Obs! her står det feil på antall timar, kurset er på ca 8 timar.

Trenarforum med Marius Lenni Bøe

Onsdag 18. april vil Syril fotball arrangere trenarforum, med trenarutviklar i Sogn og Fjordane fotballkrets Marius Lenni Bøe.

Marius har lang erfaring som trenar, seinast som ein del av trenarteamet til Sogndal i Eliteserien. Det vert ein dialog/teoridel på 45 min, deretter 60 min treningsøkt på bana med småguttelaget.

Syril fotball oppfordra alle våre trenar til å stille, her vil det vera mange gode tips og impulsar å henta for alle.

Oppstart kl 18.00 på Barneskulen.

Treningsavgift fotball 2018

På årsmøte for Syril fotball vart det vedteke at treningsavgiftene blir uendra frå 2017.

Klasse Beløp
Senior herrar 3.000
Senior damer 1.650
Aldersbestemt 1.650
Aldersbestemt 9-10 år 600
Miniputtfotball 500

Kontonummer: 3781 14 13101 eller Vipps 111103
Merk innbetalinga med: Treningsavgift <år> og spelarnamn
Spelarar som ikkje har betalt får ikkje spela!

NB! Alle må betale medlemsavgift i tillegg.

Syrstrond Idrettslag