Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre postar, fleire gonger til kr 50.
Korta kan kombinerast. Har du begge korta med deg rundt på dei 20 hovudpostane, treng du berre 10 ekstra klypp/turar for å få fullt Trim 30-kort.
I 2017 la vi ut 5 ekstra klyppetenger. Desse er plassert slik at dei med Trim 30-kortet får fleire korte turar å velje mellom. I tillegg til hovudpostane, kan ein med Trim 30-kortet klyppe her:
Skoparsete (Ny i år. Klyppetang kjem på plass om litt)
Hangsete
Tuftahaug
Raumålsgrindi
Friksdal (Det kan vere lurt å sykle til Flya.)
Som tidlegare år blir det trekning av premiar på innleverte kort sesongen er avslutta. Salet av kort – kostnaden for korta går til premiar. Før innlevering hugs å skrive namn og tlf.nr på baksida av kortet.
Trim 30 junior: Det blir eigen trekning for barn fødd i 2003 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skrive fødselsåret til barnet i tillegg til namn og tlf.nr på baksida av kortet.
Mange flotte bilete vert posta på Facebook-gruppa til Syril Trim. Vi er på jakt etter bilete til trimkorta for 2018 og treng di hjelp. Sit du med eit blinkskot du meiner kan pryde ein av kortypane neste år?
Tursesongen går mot hell, men det framleis god tid att til å få gjort unna dei siste klippa. Erling Røysum Sport AS eller Små Livsgleder er klar til å ta imot kortet ditt.
Hugs å skriva namn og tlf.nr på baksida av kortet. Vi minner om eigen trekning for barn fødd i 2002 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Er du fødd i 2002 og seinare, hugs å skriva fødselsåret bak på kortet.
Syril Trim hentar dei innleverte kort 1. november og det blir trekning i løpet av november.
Du har att 2 månadar til å få på plass dei siste klippa.
Fleire har kommentert at dei ikkje ser skilnad på trimkorta for 2016 frå 2015. Vi kan trøyste dykk med at det ikkje er alt som er like godt synleg, men vi er trygge på at vi skil korta frå 2015 frå 2016.
Ikkje gløym at korta skal fungere som din kontrakt med deg sjølv. La det/dei vere din motivasjon med eit klart mål for sesongen. Utfordre gjerne andre eller ta dei med på ein tur som ein appetittvekkar. I motsetning til mange andre aktiviteter stiller ikkje trimmen store krav til utstyr. Du kjem langt med eit par gode sko.
Ta med mobil eller kamera på turane. Post gjerne bilete frå turane på Facebook-gruppa til Syril Trim eller send bilete og ei historie til nett@syril.no, så skal vi få lagt inn ei sak på syril.no. Det treng ikkje vere utsiktsbilete. Om det er dyr eller planter er det mykje fint som fortener foreving i naturen. Ver med og vis fram mangfoldet i Leikanger.
Men vi noterer oss ønskje om ulike kort og ser om vi kan få til ein meir fargesprakande trim dei komande åra.