Handball

Rollar og funksjonar

OppgåveNamnTlf
LeiarOlav A. Haugen915 58 934
NestleiarRagnar Brevik997 17 679
ØkonomiansvarlegCecilie Dreyer Sørensen982 69 775
Arrangement
JuniorkontaktHege-Lill Reksnes913 10 272
MaterialforvaltarLinda Føleide Skinlo915 41 736
Sportsleg leiar/
sportsleg utval
Pia Hickman948 69 455
Trenarmentor/
sportsleg utval
Spelarutvikling/
sportsleg utval
Mari Fykse971 37 337
DommarkontaktBeate Humlestøl Njøs
StyretLeiar, nestleiar, økonomiansvarleg,
sportsleg leiar og spelarutvikling.

Instruksar og informasjon rundt kamp og trening:

Dokument

Rus

Det er nulltoleranse for bruk av rusmiddel i samband med kamp, trening og andre arrangement i regi av eller i samband med handball.

Sponsorar

Til våre sponsorar

Syril handball ønskjer å rette ein stor takk til sine sponsorar i sesongen 2022/23! Syril handball har nesten 150 aktive handballspelarar, fordelt på barn, unge og vaksne. I tillegg kjem alle som stiller opp til frivillig arbeid, trenarar, lagleiarar, kakebakarar, vakter, og mange, mange fleire.

Den store aktiviteten krev også inntekter for å dekke ulike kostnader. Utan din støtte ville vi derfor ikkje kunne gitt alle som ønskjer det eit godt sportsleg og sosialt tilbod innan handball. 

Vi har sesongen 23/24 føre oss. Syril handball legg merke til at utgiftene for mange tårnar seg opp. Vi ønskjer å bidra på vår måte, og har difor bestemt å redusere treningsavgifta for den komande sesongen. Vi håpar dette gjer at så mange som mogleg deltar i handballtilbodet. Vi legg alltid stor vekt på å kunne gi born og unge eit tilbod dei kan vekse og vera trygge, og også i kommande sesong vil vi legge stor vekt på å nå ut til så mange barn og unge som mogleg, gjennom ulike aktivitetar. 

Den viktigaste prioriteringen for oss no blir å kunne tilby alle spelarar ein stad å få spele handball, med trygge rammer. Dette hadde vi ikkje greidd utan sponsorane og alle som stiller opp frivillig i ryggen. 

Er det noko du som sponsor ønskjer vi i Syril handball kan gjere for deg, har du forslag til aktivitetar, eller er det område du ønskjer å bidra? Ta gjerne kontakt med oss!

På vegne av styret i Syril handball
Olav Haugen

Syrstrond Idrettslag