Bli medlem

Støtt idrettslaget og bli medlem. For kvart medlem får idrettslaget tildelt støtte over statsbudsjettet. Dette er grunnstøtte, eller meir korrekt lokale aktivitetsmidlar (populært kalla Tippemidlar), til medlemsbaserte lokallag og foreiningar. Midlane skal bidra til auka idrettsaktivitet, deltaking og frivilligheit.

Klikk her for å starte registreringa i Min Idrett.

Min idrett – medlemsregisteret

Syril er som alle idrettslag pålagd av Norges idrettsforbund å bruke eit godkjent elektronisk medlemsregister. Vi har valt Min Idrett. Vi ønskjer med tida å utvida bruken av Min Idrett til å kreve inn trenings- og deltakaravgifter.

Min Idrett gjer det enkelt både for deg og Syril med å halde orden på medlemskapet, treningavgifter, lisensar og deltaking i ulike konkurranse. Andre idrettslag i Norge vil bruke Min Idrett eller tilsvarande system, kopla Norges idrettsforbund, som gjer det enkelt for deg som utøvar å melde deg inn/ut og på treningar, samlingar, aktivitetar og konkurransar i heile Noreg.

Ein familie kan registrere opp foreldre og alle som inngår i familien og få full oversikt til ei kvar tid over sin status på medlemsskap med meir. Dersom du ikkje har vort innlogga på Min Idrett tidlegare, må du først registrere ny bruker.

Opprette ny bruker

Video over framgangsmåte finn du til slutt i dette kapittelet.

I registreringsprosessen vert det  gjort ein sjekk mot folkeregisteret. Skriv difor innfødselsnummer og namn slik det er registrert i folkeregisteret, ellers vil registrering feile.

Registrer mobilnummer til ein telefon du har tilgjengeleg, slik at du kan motta eingangskoden som vert sendt på på sms.

sverresystrending
  • Klikk på Fortsett (grøn knapp)
  • Skriv inn eit brukernamn du vil bruke (minst 6 tegn)
  • Skriv inn passord du vil bruka to ganger (minst 8 tegn).
  • Klikk på Fortsett (grøn knapp).
  • Skriv inn engangspassord du nå har fått tilsendt på SMS.

Det vert gjort ein kontroll mot idretten sine databasar med namn, e-postadresse, kjønn og fødselsår. Dersom det er registrert ein person som stemmer med det registrerte, vil du få opp høve til å velje å knytte din nye brukar opp til denne personen, slik at din nye brukar får med seg eventuelle registrerte klubbmedlemskap og andre funksjonar, lisensar, kurs og kompetanse osv. Finner du deg fleire gonger i lista (om du t.d. har vore aktive i fleire idrettar og klubbar og klubbene har registrert kvar sin person i sine medlemsarkiv), kan du ta kontakt med idretten sin support for å få slått saman duplikata, og samle all informasjon på ein brukar.

Søke medlemskap i klubb (Syril)

Video over framgangsmåte finn du til slutt i dette kapittelet.

Under medlemskap vertdine og familiemedlemmene sine registrerte medlemskap vist, sjå over. Du kan søke opp ein klubb og melde deg inn i klubben og greina du ønskjer medlemskap i.familie

  • Klikk på lenka Finn ny klubb.
  • Søk opp klubben (Syril) du vil søke medlemskap i.
  • Marker/klikk på klubben i søkeresultatet.
  • Hak av for klubben og aktuell grein du vil melde deg inn i.
melde-deg-pa-gren
Eksempel som medlem: Klikk på Idrettslaget Syril for å få opp det til høgre i bilete.
  • Klikk på knappen Send søknad.

Legge til familie

Du kan legge til familiemedlemmer frå din profil i Min Idrett.

Kvart familiemedlem du legger til vil ha sin eigen profil og vil kunne logge seg inn kvar for seg, samtidig som du kan administrere kvar profilane. Du kan for eksempel melde på og betale for kurs og arrangementer, og betale for lisensar for heile familien i ein operasjon.

Det gir òg moglegheit for at ungane etter kvart som de blir eldre, kan logge seg på sjølv, og halde vedlike sine kontaktopplysingar og på eiga hand melde seg på til ulike arrangementer og kurs, samtidig som foreldra i sin eigen profil kan følgje med på kva for kurs og arrangement ungane er påmeldt, og følgje med på om lisensar er betalt osv.

  • Logg inn på Min Idrett
  • Klikk på Min profil
  • Klikk på Legg til familie
min-profil

Det er tre måtar å legge til familie på:

  1. Under Foreslåtte, vil personar som er registrert med same e-postadresse som deg bli automatisk vist. Sett hake for deu du ønskjer å legge til, og klikk på knappen Legg til. (Arkfana Foreslåtte vert ikkje vist, dersom det ikkje er profilar registrert med same e-postadresse)
  2. Under Eksisterende profil, kan du legge til profilar som allereie er registrert med ei anna e-postadresse enn di. Skriv inn e-postadressa til profilen du ønskjer å legge til, og klikk på knappen Søk. Sett hake framfor den eller dei du vil legge til, og klikk Legg til. Det blir sendt ein forespurnda om familietilknytning til profilen, som mottakar må logge inn i sin profil og godkjenne.
  3. Under Nytt familiemedlem, kan du registrere familiemedlemmer som ikkje tidligare er registrert. Skriv inn personopplysningar, og klikk på knappen Legg til.

Lenke til NIF sine hjelpesider for Min Idrett

Syrstrond Idrettslag

%d bloggarar likar dette: