Trimkorta 2018 er i sal

No er vårvarmen på veg og Syril Trim er klar med ein ny sesong. Klyppekorta kan kjøpast hjå Små Livsgleder og Erling Røysum AS. Betal kontant eller med Vipps til 88235 med teksten «Trim», og du får utlevert kort:

  • Kort med alle 20 hovudpostane til kr 100.
  • Kort for 30 klypp (Trim 30) for dei som vil gå på nokre postar, fleire gonger til kr 50.

Korta kan kombinerast. Har du begge korta med deg rundt på dei 20 hovudpostane, treng du berre 10 ekstra klypp/turar for å få fullt Trim 30-kort.

I 2017 la vi ut 5 ekstra klyppetenger. Desse er plassert slik at dei med Trim 30-kortet får fleire korte turar å velje mellom. I tillegg til hovudpostane, kan ein med Trim 30-kortet klyppe her:

  1. Skoparsete (Ny i år. Klyppetang kjem på plass om litt)
  2. Hangsete
  3. Tuftahaug
  4. Raumålsgrindi
  5. Friksdal (Det kan vere lurt å sykle til Flya.)

Som tidlegare år blir det trekning av premiar på innleverte kort sesongen er avslutta. Salet av kort – kostnaden for korta går til premiar. Før innlevering hugs å skrive namn og tlf.nr på baksida av kortet.

Trim 30 junior: Det blir eigen trekning for barn fødd i 2003 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skrive fødselsåret til barnet i tillegg til namn og tlf.nr på baksida av kortet.

Turpost 2018
Foto: Kari Kitty Stadheim
Trim 30 2018
Foto: Vilde Rød Knudsen