Klepparennet

NB! Klepparennet er avlyst grunna manglande snø.

Tid: Søndag 16.januar 2022, kl. 12:00
Stilart: Klassisk (intervallstart)

SYRIL inviterar til SSF Cup Klepparennet i klassisk stil.
Påmeldingsfrist fredag 14. januar kl 23:59
NB Grunna restriksjonar med kohortar tek vi ikkje etterpåmeldingar.

Rennleiar Torunn Grut
Mobil: 91740637,  torgru63@gmail.com

TD: Johannes Tufte

Påmelding og premiering

Påmelding her

  • 8 – 16 år: kr 130
  • Junior (17-20 år): kr 150
  • Senior (21 år og eldre), kr 170
  • Alle foreldre/støtteapparat melder seg på elektronisk i klasse «Støtteapparat og føresette» gjennom påmeldingssystemet til Skikrinsen.
    Oppmodar om maks 1 forelder pr. løpar og at foreldre brukar munnbind på områet.
  • Syril-løperar kan melde seg til rennleiar
    Løypekart og startliste vert lagt ut seinast laurdag kveld. 

Klassar og distansar

  • J/G 8-10 år, 1km
  • J/G 11-12 år, 2km
  • J/G 13-14 år, 3km
  • J 15/16 år, 5km
  • G 15 år, 5km
  • G 16 år, 5km
  • K 17-18 år, 5km
  • M 17-18 år, 10km
  • K 19/20 år, 10km
  • M 19/20 år, 10km
  • K Senior, 10km
  • M Senior, 10km

Start

Med dagens reglar kan ein berre vere kohortar på 100.
Rennet er planlagt avholdt med følgande starttider:

  • 8 – 12 år (1km og 2km): Starttid frå kl 12:00
    Forventa ferdig og ute av området kl 12:45
  • 13 år og eldre (3/5/10km): Starttid frå kl 13:45
    Kan kome inn i området frå kl 12:50

NB Endring i fordeling av aldersklasser pr. kohort kan kome avhengig av påmeldingar.

Info om eventuelle endringar vil bli lagt ut på denne nettsida dagen før rennet.

Covid-19/Smittevern

  • Ved symptom på sjukdom skal ein halde seg heime
  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand
  • Arrangementet er i tråd med anbefalingane fra Skiforbundet
    https://www.skiforbundet.no/norges-skiforbund/nyheter/2021/12/nsfskoronaveileder/
  • Vi oppmodar om maks. 1 føresett pr. løpar
  • Ved eventuell smittesporing vil vi ta utgangspunkt i deltakarlistene. Det er derfor viktig at også føresette registrerar seg.

Vel møtt til skirenn på Kleppa!

Syrstrond Idrettslag

%d bloggarar likar dette: