I helga var det Miljøhelg i Førde. Over 200 deltakarar frå heile fotballfamilien i gamlefylket var samla for fagleg påfyll, sosialt og festmiddag. I tillegg var det leiarmøte sundagen. Magna Vangsnes og Steinar Henjum vart tildelt blå diplom for sin innsats over lengre tid for Syril fotball. Gratulerar til begge! I tillegg fekk Syril pris for årets TINE fotballskule; plakett og 4 minimål.
Grunngjevinga for tildelinga av pris for årets fotballskule:
«Klubben er kvalitetsklubb og har i mange år vore dyktig på rekruttering av jenter, både blant aktive, trenarar og på leiarsida. Dette gjeld også for årets TINE Fotballskule.
Totalt 75 born deltok på fotballskulen. Blant dei var 43% jenter og på trenarsida var jenteandelen ca 50%. I tillegg hadde dei invitert to kretslagsspelarar frå klubben på jentesida som gjesteinstruktørar, noko som var kjekt og inspirerande for små fotballjenter. Keeperopplegget var populært og godt organisert. Kretslagskeeper på jentesida hadde m.a. ansvar for sportsleg opplegg og gjennomføring for jentekeeparar.
Klubben inviterte KA-trenar og KA-klubbutvikling med på instruktørsamling i forkant av fotballskulen. Sportsleg opplegg samt ei praksisøkt ute på bana vart gjennomført. Dei hadde ein god fagleg plan for gjennomføring, og sportsleg ansvarleg for fotballskulen var tilstades og fulgte opp instruktørane.
Fotballskulen hadde eit flott fokus på kosthold med brødmat, varm lunsj, TINE-ost og drikkeprodukt samt servering av frukt i alle pausar. Ungane fikk også informasjon om kor viktig det er med kosthold – drikke og ete godt for å kunne vere aktive ein heil dag på fotballskulen. Mange vaksne deltok i dugnad i samband med matserveringa og borna var samla rundt pådekte bord i gymsalen.
Det var ein god atmosfære og eit opplegg som fremma trivsel for alle som var med. Instruktørane var flinke med ungane og mange vaksne tilstades bidrog til å skape trygge rammar.
Klubben i Sogn scorar høgt i høve fokusområda i TINE Fotballskule og framstår som ein verdig vinnar i vår krets i 2022!»