Syril fotball planlegg å få gjennomført Grasrottrenaren delkurs 1 for våre trenarar vis det er tilstrekkeleg med deltakarar, kurset vert onsdag 25. april og onsdag 2. mai kl 17.30.
Kurset er eit lågterskelkurs for breiddetrenarar – alle kan og bør ta kurset. Vi vil oppfordra alle våre trenarar som ikkje har dette til å delta. Det vil gi auka kompetanse, motivasjon og tryggleik i treningsarbeidet. Samtidig skal dette vere ein sosial arena der ein kan lære av kvarandre og utvikle samhald i klubben.
Nytt av året er at teoridelen i Grasrottrenarkurset no er e-kurs som deltakarane gjennomfører i forkant av kvar samling. Kurset vert gjennomført over to kveldar og består av ei kort oppsummering av teoridelen på 1 time og ein praktisk del på ca. 2 1/2 time. Kretsen stiller med høgt utdanna trenarar som står for gjennomføringa av kurset.
Gje tilbakemelding om de ønskjer å delta på kurset til Steinar Røysum, tlf 90145370 eller e-post s-roysum@frisurf.no snarast mulig og seinast innan 18. april. Når kurset nærmar seg, vil de få tilsendt informasjon om påmelding via nett og e-kursa.
Meld dykk på dette vert nokre kjekke og nyttige kvelder på banao!
Les om trenarutdanninga NFF Grasrottrenaren. Obs! her står det feil på antall timar, kurset er på ca 8 timar.