Set av laurdagane 25.10 og/eller 1.11. Bli med på den årlege dugnaden for å rydde Kleppa klar for vinteren. Vi satsar på ein snørik sesong, og det skal det ryddast både i langrennsløyper, nedfarten og skogsløypa, så det er meir enn nok å ta av!
Ta med hagesaks og/eller beskjæringssaks, gode hanskar, niste og noko å drikke. Vi tek ein fellespause ute rundt eit bål eller inne i varmen. Ta gjerne med ungane og gjer det til ei familiehending 
Vi set av to laurdagar, så kom på ein eller kom på begge. Passar ingen av laurdagane og du likevel har lyst til å bidra, så ta kontakt med meg (Inga Henjum Halsnes tlf 936 59 732), så kan vi avtale noko. Det er viktig at ikkje nokon byrjar å rydde der oppe utan avtale med meg. Har du ein kantklippar med blad eller sag, gi gjerne ein lyd til meg og ta denne med.