Status for ny pumptrack på Henjahaugane

Vi ønskjer å gje ei ny oppdatering på arbeidet med å realisere ein pumptrack i bygda.

Den opphavlege planen var å etablere anlegget på Henja. Etter at arbeidet med prosjektet vart sett i gang, vart det gjort eit gravminnefunn i området. Dette har gjort prosessen med å få dei nødvendige godkjenningane meir krevjande enn vi først såg føre oss, og moglegheita for å realisere anlegget på Henja har vorte meir usikker.

Henja er likevel ikkje utelukka som lokasjon. Vi vil framleis arbeide for å sjå om det kan finnast løysingar som tek vare på både prosjektet og omsynet til gravminnet. Samstundes ser vi det som nødvendig å arbeide parallelt med alternative lokasjonar for å auke sjansane for å få prosjektet realisert.

Målet står fast: å etablere eit attraktivt aktivitetstilbod for barn, ungdom og vaksne i bygda.

Det er framleis for tidleg å seie nøyaktig når bygginga kan starte, men vi meiner det er realistisk at pumptracken kan bli realisert i løpet av 2027.

Vi vil samstundes rette ein stor takk til alle som har støtta prosjektet så langt. Enten du har bidrege økonomisk, stilt opp med tid og kompetanse eller bidrege med engasjement og gode innspel, set vi stor pris på støtta. Ho er viktig for at vi skal kunne føre prosjektet vidare.

Vi vil kome med nye oppdateringar etter kvart som arbeidet med både Henja og alternative lokasjonar går framover.

På vegne av pumptrackgruppa,
Morten Andre Hansen

Syril med nytt herrelag i 3. divisjon volleyball

Deler av herrelaget som spilte treningskamp mot Studentspretten i Saften,
september 2026.

Syril volleyball har for første gang meldt på et herrelag i 3. divisjon Sogn og Fjordane. Første bortekamper blir i Gaularhallen den 31. oktober. Den 6. desember vil vi så invitere til de første hjemmekampene i Saften, når Sunnfjord 2 og Førde VBK 4 kommer på besøk!

Laget er en viktig videreutvikling av særgruppa, fra trimgruppa som Syril har hatt i mange år, til å nå ha lag i divisjonsspill, trim-treninger, treninger for asylmottaket, og tilbud om minivolleyball utstyr og treningshjelp for de minste. Et åpent ungdomstilbud er også under utarbeidelse.

Herrelaget har en stamme av spillere fra Leikanger, og et godt spenn i alder, fra 17 til over 40. I tillegg har vi spillere fra Balestrand og Sogndal, og flere nasjonaliteter.

Bli med å heie frem gutta denne vinteren!

Styret i Syril volleyball

Den utvidede spillergruppa til herrelaget på trening.

Dugnad på Kleppa laurdag 24.10 og 31.10

Bli med på den årlege dugnaden for å rydde Kleppa klar for vinteren. Vi satsar på ein snørik sesong, og det skal det ryddast både i langrennsløyper, nedfarten og skogsløypa, så det er meir enn nok å ta av! Laurdag 24.10 og 31.10 kl 10 skjer det.

Skibakken på Kleppa

Ta med sag, hagesaks og/eller beskjæringssaks, gode hanskar, niste og noko å drikke. Vi tek ein fellespause ute rundt eit bål eller inne i varmen. Ta gjerne med ungane og gjer det til ei familiehending 🙂

Vi set av to laurdagar – 24. og 31 oktober, så kom på ein eller kom på begge. Passar ingen av laurdagane og du likevel har lyst til å bidra, så ta kontakt med Inga (936 59 732) eller Ronja (977 97 647), så kan vi avtale noko. Det er viktig at ikkje nokon byrjar å rydde der oppe utan avtale med ein av oss. Har du ein kantklippar med blad eller sag, gi gjerne ein lyd til og ta denne med.

Stavsete skifest 2026

Fredag 1. mai

Rebusløp for barn på veg fram til arena Stavsete

Frå klokka 11:00

  • Skirenn for dei yngste
  • Sognefjordrennet – Fjellcross (alpint-telemark-snowboard)
  • Lavvocamp
  • Gratis grillmat, lappar, kaffi og saft

Laurdag 2. mai

  • Toppturar – Opplev Leikangerfjedli i skresikkert terreng med kjentfolk

Sjå Facebook (Sognefjordrennet) for meir info og påmelding

Årsmøte i Idrettslaget Syril 26. mars

Årsmøtet i Syril var torsdag 26. mars kl. 19-21 på Statens Vegvesen/Digdir i Askedalen 4.

Saker:

  1. Konstituering
    • Opning
    • Godkjenning av innkalling
    • Val av ordstyrar, referent og to til å godkjenne møtebok
  2. Godkjenning av årsmelding
  3. Godkjenning av årsmelding og rekneskap for inkluderingsfond
  4. Godkjenning av rekneskap
  5. Medlemskontingent 2027
  6. Investering kunstgrasbane og lysanlegg
  7. Budsjett
  8. Val

Frist for saker til årsmøtet var 12. mars. Spørsmål om møtet kan rettast til post@syril.no

Protokoll frå årsmøtet:

Sakspapir:

Mesternes Mester i Leikangerhallen

Tysdag samla Syril rundt 50 engasjerte handballspelarar til ei fartsfylt og kjekk utgåve av Mesternes Mester i Leikangerhallen. 

Her fekk spelarar på tvers av aldersgrupper bryne seg på leikar, stafettar og konkurransar fordelt på sju ulike stasjonar – alt med fokus på samarbeid, innsats og ekte idrettsglede.

Kvelden starta med felles oppvarming før laga blei presenterte. Deretter gjekk det slag i slag med lagstafettar, hinderløype, presisjonskast, klatring og fleire utfordringar som krevde både styrke, tempo og godt lagarbeid. Heile vegen var det lagt vekt på å heie fram kvarandre, hjelpe laget og vise fair play – minst like viktig som å samle poeng.

Etter finalen og ei spanande poengoppsummering, runda me av med pizza, premieutdeling og loddtrekning – ein sosial og hyggeleg avslutning for både store og små.

Ein ekstra stor takk går til Linda og Tor Einar, som har stått bak både idé og gjennomføring av arrangementet.

Takk til alle deltakarar og hjelparar som gjorde dette til ein super ettermiddag i hallen! Takk til sponsorane som støtta oss med gevinstar – Intersport Sogndal, Kiwi Leikanger og Sparebank1 Sogn og Fjordane. 

Vi gler oss allereie til neste gong!

Syrstrond Idrettslag