Kjeringi Open

kjeringafjell

Vaorens vidlaste eventyr

Kjeringi Open også kalla «vaorens vidlaste eventyr» består av fjelltelemark/randoné, langrenn, springing og sykling. Moroa starta i 1993, Kjeringi Open vart ei stormønstring på ski, løp og sykkel. Fjell og fjord vart kopla for å farga bygda, og fargerikt blei det. Langs løypa er det liv og røre og aller mest i målområdet på Hanahaug.

Vårens storhending i Leikanger startar 1314 meter over havet. Den lange ferda ned frå fjellet endar i den vårlege fjøra, gjennom fire fartsfylte etappar. Dette er idrettsfesten ingen har maken til. Her går yr mosjonsutfalding og prestasjonsjakt hand i hand.

Folk kjem langvegs frå, frå Nordfjord og Sunnfjord, frå Voss og Bergen, frå Oslo og Trondheim, og frå heile den lange fjorden. – Kjeringi Open er ei massemønstring, seier Arne Johnsen, mannen som importerte konseptet frå USA (From Ridge to River).

Minst 250 skal til topps for å starta. Dit kjem dei ikkje gratis. Klokka ni er det frammøte på Kleppa. Tre-fire timar seinare er dei framme ved startstreken. Der står dei med vide fjorden framfor skistøvlane. Utsynet er eventyrleg.

Startskotet går klokka 13.14 (høgdemetrane). Er du nede innan timen er gått, er du mellom dei aller beste superkjeringane. Siste er inne i 16-tida. Nede i Leikanger ventar publikum, som kosar seg i vårsola medan speakeren held dei informerte.

Ved vekslingspunkta undervegs er det travelt. Friske krefter står klare til å ta i mot eit klapp på skulderen, for så å jaga vidare på ski, sko eller sykkel. Men superkjeringane skal gjennom løypa åleine. Dei må skifta sko og reiskap under føtene sine, og vel i mål ventar den gjevaste av alle titlar: Super-Kjering. Kjeringi Open er eit mirakel, men også ei vidareføring av gamle stemnetradisjonar. Og alt har si tid. Bygdestafettane var mobiliserande i nesten femti år. No har avløysaren blitt myndig, og vel så det.

Løypa

KO løype

For å kome til Kleppa køyrer du på bilveg frå sentrum ca. 4 km, følg skilt. Løypa vert fastlagd tett inntil renndagen grunna ver- og snøtilhøva. På heimesida legg vi ut informasjon om endringar fortløpande. Løypa kan inspiserast frå kl. 18.00 dagen før løpet. Frå Kleppa er det om lag 3 timars gange til Kjeringafjell. Ta med kle, mat og drikke. På Kjeringafjell vert sekkane kontrollvegd. Vekslingsområde kan studerast på vegen opp til start, og superkjeringar kan legga frå seg utstyr.

1. etappe – Telemark/Randoné

Frå Kjeringafjell (1314 moh.) til Damefall (500 moh.) Fallhøgde 814 m og lengde 8 km. Fellesstart alle klassar kl. 13.14. Styreportar for kvar 50-100 meter. Normalt vert heile løypa preparert med unntak av bratthenget ned Kjeringafjell. Ikkje krav til telemarksving. Superkjeringar kan skifte utstyr på vekslingsstasjonane.

Obligatorisk utstyr

  • Hjelm
  • Ryggsekk –min. vekt 5 kg. (10-14 år og superveteran damer : 3 kg)
  • Binding med hel som kan løftast; telemarksbinding eller randoneebinding.

2. etappe – Langrenn Frå Damefall (500 moh.) til Kleppa (400 moh.)

Fallhøgde 100 meter og lengde 3-6 km. Preparerte langrennspor skal fylgjast frå Damefall til veksling på Kleppa

Stil og utstyr

Det er berre tillate med klassisk stil. Superkjeringar kan skifte utstyr på vekslingsstasjonane.

3. etappe – Springing

Frå Kleppa til Syril stadion.  Fallhøgd: 300m – Lengde: 4 km.

Utstyr

Vi anbefaler gode joggesko!

4. etappe – Sykling

Frå Syril stadion (100 moh.) til Hanahaug (3 moh). Fallhøgde 100 meter og lengde 8-10 km. Merka løype skal fylgjast.

Historia

Arne Monrad Johnsen frå Leikanger i Sogn og Fjordane kom heim att frå USA der han hadde vore med på ein såkalla “Qadrathlon” som omfatta telemarkkøyring, langrenn, løping og sykling. Saman med nokre kameratar starta han “Kjeringi Open”. Det er ei idrettsleg kraftprøve med islett av karneval.

Dei kledde seg ut i fargerike kostyme og gav seg i veg til toppen av Kjeringafjellet, 1308 meter over havet. Derifrå sette dei utfor for å sjå kven som kom først ned att til fjorden.

Første etappe var telemarkkøyring. Då dei kom til ein stad som blir kalla “Damefall”, skifte dei til langrennski og gjekk ned til skihytta der det var nytt skifte til joggeskor. Så sprang dei ned vegen til ungdomsskulen der siste skifte var, før dei sykla i mål på dampskipskaien i Leikanger.

Sidan starten i 1993 har arrangementet vakse til ein gedigen folkefest. 500 deltakarar var med siste året. Reglane er slik at du kan ta alle etappane og bli “superkjering”, eller du kan danne stafettlag og dele dei fire etappane. Det er også mogleg å stille blanda-lag med mannfolk og kvinnfolk eller bedriftslag.

Rundt 1000 menneske plar samle seg i målområdet og vente på “kjeringane”. Der er det musikk, “Kjeringi Open junior” for ungar, profilering av lokalt næringsliv, sal av kaffi og grillmat i tillegg til at hotellet står for siste delen som er premiutdeling og sal av brus og øl i hotellhagen.

Utflytte sogningar vandrar etter kvart heim att som pilegrimar til “Kjeringi Open” midt i april. Det er folkefest, alle møter alle og våren varslar at han snart kjem. Arrangementet har etter kvart vorte så profesjonelt at det ligg ute på Internett med eiga heimeside.

Men framleis lever den morosame delen. Mange stiller i artige kostyme og originale namn på laga er ein viktig del: “Elvis lever”, “Solgjengen”, “Hetatoktene”, “Slupsedn” “Rakkarungane” og “Vikjatausene” er nokre av dei som har gjort seg sterkast gjeldande. Vitsen er at det er moro, at det er attraktivt å vere med på ein fin tur frå vinteren til våren, og at den kreative galskapen fengjer ungdommen og viser at heimbygda lever.

Dei raskaste deltakarane i “Kjeringi Open” brukar under 50 minuttar frå toppen av Kjeringafjellet til dampskipskaia. Dei siste deltakarane plar vere i mål før det har gått to timar.

Syrstrond Idrettslag