Trim

cropped-2014-08-skarholten-035.jpg

Formål

Syril si trimgruppe har som mål å vere eit alternativ til lag- og individuelle idrettar for dei som vil halde formen vedlike. Leikanger har store friluftsområde lett tilgjengelege som kan nyttast både om sommaren og vinteren.

Kom gjerne med framlegg til aktivitetar som kan vere med å gi medlemmene eit variert trimtilbod i Leikanger. Gode idear og initiativ er særs positivt.

Trimprogram 2022

Klyppetenger og bøker ligg ute på postane. Klyppekort for trimåret blir lagt ut for sal i løpet av april. Klyppekort til trimmen er å få kjøpt hjå Små Livsgleder AS og Erling Røysum AS. Det er to typar:

  • Turpost, kr 100 – For dei som vil vitje alle 20 turpostane.
  • Trim 30, kr 50 – Kort  med plass til 30 klypp for dei som vil gå på nokre av postane, fleire gonger.

Korta kan kombinerast. Kjøper du begge og har dei med på turane, treng du berre 10 ekstra klypp/turar for å få fullt Trim 30-kort.

Trim 30 junior: Eigen trekning for barn fødde 2007 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Hugs å skriva fødselsåret på kortet før innlevering i haust!

Alle inntekter frå sal av trimkort går til premiar!

Trimgruppa vil takke Sogn Røyr AS og Byggmeister Langeteig & Volldal AS for støtte til innkjøp av nødvendig utstyr.

Turpostane

Du finn meir om turane og andre turar herKorte videoar av turane

1. Bjørgahaug (362 moh, distanse 1,1 km frå Njøs)

Start frå trafostasjonen på Njøs og følg Sognefjordvegen S1, eller gå opp frå Sanden. Fin utsikt over Systrond.

2. Våkeldahaug (650 moh, distanse 2,4 km frå Njøs)

Gå frå Njøs eller Sanden via Bjørgahaug gjennom Hangsetegrinda og følg garden oppover. Litt oppi bryt stien av frå garden. Stien er merka med raude prikkar og tydeleg i terrenget. Flottare utsikt enn Bjørgahaug!

3. Hangsete (634 moh, distanse 2,7 km frå Njøs)ny i 2022

Gå via Bjørgahaug, frå Sanden eller følg skogsvegen frå Njøs. Frå Bjørgahaug på tydleg sti som går bakom Andhovden og kjem saman med skogsvegen. Fine utsiktspunkt mot Fresvik og Fatlabukta.

4. Fadnastølen (470 moh, distanse 2 km over Åsen)

Start frå Kvålen. I Vetlagjerde, om lag 1 km inne i Njøsadalen, finn du treskilt merka Fadnastølen. Alterantiv er å gå fram til Dalsete og opp eller følgje traktorvegen til Fadnastølen frå Pyttadn. Om du vil ta gamle stølsvegen frå Njøs, startar du på nordsida av Njøsavegen, ca 40 meter frå brua. Bok og tang ligg i postkasse like før det øvre stølsområdet, på stien opp frå Njøsadalen.

5. Havravatni (738 moh, distanse ca 4 km opp skogen frå Kvålen, ca 2 km frå Geitadalen)

Ved øvste sælet/hytta på Fadnastølen kryssar du bekken og går framover på austida, til du kjem til ei opning mellom to granfelt. Har du følgt traktorvegen til Fadnastølen, kan du frå enden på vegen gå inn i skogen. Etter eit par hundre meter kjem du inn på stien som startar oppstigninga til platået som vatna ligg på. Følg merka sti nordaustover til du ser det fremste Havravatnet.

Frå Geitadalen tek du deg til Tuftahaug. Merka sti startar bak det svarte sælet.

6. Tuftahaug (680 moh, distanse 4,4 km frå Kvålen, knappe 1 km frå Geitadalen)ny i 2022

Hald fram nordover frå posten på Fadnastølen, forbi hytte og vidare etter merka og for det meste tydeleg sti. Alternativ kan du køyre heilt inn i Njøsdalen og berre gå i underkant av 1 km.

7. Skagesete (589 moh, distanse 2,2 km frå Kvålen)

Du kan starte øvst på Dalenfeltet eller på Kvålen. Stiane kjem saman ved Haoahaug. Frå Kvålen går du opp like etter grinda, sjå etter treskilt, eller følgjer vegen.

8. Lusaskard (1004 moh, distanse ca 5,5 km frå Kvålen opp skogen forbi Skagasete )

Mange alternative startar i Njøsadalen om Skagasete eller via Geitadalen til Hottadalen og opp Storli, like heimom Blånipa/Hottanosi.

9. Sumhaug (770 moh, distanse ca. 6 km frå Geitadalen)

Start i Geitadalen, inst i Njøsadalen. Fin familietur på god sti som kjem inn på stien til Fjærlandssete frå Øvstedalen, litt over Furesete. Ved Kalvavatnet, ca 1/2 km før Fjærlandssete, vender du nasen vestover og følgjer stien mot vestenden av vatnet og Sumhaug. Turposten står ved demningen og utløpet av Fjærlandssetvatnet.

10. Dalhjella (265 moh, distanse ca. 1 km frå gamle vassinntaket)

Ta av til venstre, opp skogen etter ein knapp kilometer etter det gamle vassinntaket i Henjadalen. Sjå etter skilt ved vegen. Kort veg opp til stølsområdet.

11. Kjeringafjellet (1314 moh, distanse ca 1 mil frå Kleppa)

Start frå Fivelhola om stølen Sevi, eller frå Kleppa. Fin og lang rundtur. Boka og tang ligg i turpostkasse som heng på vestveggen av radiobua, heilt aust på Kjeringafjell.

12. Høgehaug på Kleppa (550 moh, distanse ca 1,5 km frå Kleppa)

Start på parkeringsplassen på Kleppa og følg grusvegen forbi Husabøstølen til du kjem til vegaskilje der du går tilbake til Øvstestølen om vinteren. På sørsida av vegen finn du skilta til Høgehaug og du følgjer skogsvegen oppover til du kjem til dei små jakthyttene.

Alternativt kan ein starte frå Kleppa og gå stien mot Hamrestølen/Eggja (tek stien til venstre ved Husabøstølen, skilta Eggja). Like ved gamle skihytta ser ein stien oppi skogholtet til høgre. Denne held fram til den møter stien som kjem frå andre retningen, frå Hamrestølen.

13. Lauparfjellet (400 moh, distanse 2 km frå Kleppa, 1 km frå Eggja)

Frå Eggja følgjer du skogsvegen forbi Hamrestølen mot Høgehaug. Skilt ved vegen. Utsiktspunktet ligg omlag 50 meter frå vegen. Startar du frå Kleppa tek du av ved Husabøstølen og går framom Høgehaug.

14. Stokksete (620 moh, distanse ca. 4 km frå stadion, 3 km frå Kleppa)

Start frå Skahaug på den gamle stølsvegen gjennom Raumålsgrinda, frå Kleppa eller frå stadion. Boka heng mellom nokre bjørker, nær Raude Kross-kassen.

15. Rjupeskar (935 moh, distanse ca 5 km frå Kleppa)

Start på Kleppa der du følgjer stien i retning Kjeringafjellet. Etter passering av Kallbakk vil du skimte Rjupeskar i den vestlege enden av ryggen frå Fagreggi. Gå gjennom Rjupeskar og sving til venstre og opp til posten som står på øvre Skarseggi

16. Smørkletten (805 moh, distanse 4 km frå Kleppa)

Frå Kleppa følgjer du sti til Stokksete til du kjem til lina som kryssar under Damefall. Følg line oppover mot Smørkletten. Frå Eggja går du stølsvegen. Ta av stølsvegen på høgste punktet ved treksilt. Følg merka rute herifrå til turposten.

17. Stavtjørni (1000 moh, distanse ca 5 km)ny i 2022

Køyr inn Huksdalen og parker under Nyastølen. Følg resten av vegen til Stavsete. Hald fram nordover, forbi Stavsete, inn dalen til du kjem til Stavetjørni. Boksen står i nordenden, nær sælet.

18. Hedlesetnipa (615 moh, distanse ca 2,5 km)

Start i svingen under Engjasete. Følg traktorveg ca 100 m til skilt. Fin utsiktsplass omlag halvveges mellom Engjasete og Dalsbotn.

19. Mælen (974 moh, distanse 5,5 km)

Start frå Engjasete og gå om Hedlesetnipa. Følg stien til Dalsbotn. Ta av mot sørvest like før stølsområdet. Flott utsikt i alle retningar.

20. Vassvarden (1025 moh, distanse ca. 6 km om Vesterheim og Ruud)

Gå frå ferjekaien etter vegen mot Leikanger i ca 500 meter. Følg kjerrevegen frå Sanden til Vesterheim og deretter merka sti til garden Rud. Vidare oppover er det umerka, men godt synleg sti til stølane Skarde og Daurmålhaug. Frå Daurmålhaug går stien i austleg retning før det igjen ber oppover mot Vassvarden.

Alternativ med start i Eitorn, opp til klyngetunet Eitun, vidare opp til Myrsete og inn til Nyanstøl før du snur vestover, opp til Vassvarden.

Du finn meir om turane og andre turar herKorte videoar av turane

Andre turpostar med klippetenger

På nokre stadar er det sett opp turpostar som ikkje inngår i turposttrimmen. Her finn du bøker som du kan skrive deg inn i, og på ein del klyppetenger du kan bruke på Trim 30-kortet.

Fivelhola (340 moh, distanse ca 4 km frå gamle vassinntaket)

Fin veg for jogging eller terrengsykkel inn Henjadalen.

Friksdal (685 moh, distanse 1 mil frå Syril stadion)

Frå enden av vegen på Flya, hald fram rett fram på vestsida av elva til du kjem til Nyastølen. Der svingar du vestover og går inn til stølen i Friksdalen. Postkasse med bok heng på Krosshaug-sælet.

Sevi (790 moh, distanse 5,5 km frå gamle vassinntaket)

Ta av frå traktorvegen i Fivelhola, gå opp lia på høgre side av Skuleåna til du endar på stølsområdet Sevi. Fin plass å ta ein pause og ete litt før du held fram til Kjeringafjellet. Bok og tang ligg i turpostkasse ved steinmur ca 50 meter søraust om sælet.

Raumålsgrindi (475 moh, distanse 1,7 km frå Kleppa eller 2,5 km frå stadion)

Halvveges mellom Skahaug og Stokksete på den gamle stølsvegen. Boka ligg i kasse på granlegg ved grinda. Frå Kleppa følgjer du vegen til leirduebana. Stien går inn i skogen og du følgjer til du møter på stien til Stokksete. Gå nedover ca 100 meter.

Turpostar utan klippetenger

Under Kleppa (375 moh, distanse frå Frækaland 450 meter, ned frå Kleppa 350 meter, frå toppen av Leite 950 meter)

Posten står attmed stien omlag 1/3 av distansen frå Kleppa ned mot Frækaland. Finaste turen er frå toppen av Leite (Halvteigen) på Leikanger.

Skoparsete (450 moh, distanse 1,3 km frå Skjer)

Start på Skjer, ca 4 km frå ferjekaien. Stien startar på oppsida av vegen, i austlege enden av lomma for å sleppe ferjekøen forbi. Stien buktar seg sikk sakk opp lia. I Skopargilet kryssar du bekken som kjem ned i s-svingen like vest om Skjer.

Tidlegare turpostar på pause

Hest (1360 moh, distanse 8,5 km)

Start på Engjasete og gå til Dalsbotnen. Hald fram på nordsida av elva ned frå Fagereivatnet. Synleg sti opp bakken og eit stykke vidare opp mot ryggen. Turen kan kombinerast med besøk på Mælen.

Stavsete (760 moh, knappe 2 km)

Parker under Nyastøl. Gå knappe 2 km etter traktorveg. Like før Stavsete kryssar du elva Reppa. Returen kan du ta via Nyastølen.

Nyastølen (685 moh, knappe 1 km frå parkering i Huksdalen)

Parker under Nyastølen. Kryss elva og følg den bratte traktorvegen opp. Frå Nyastølen kan du gå nordover til Stavsete eller austover, inn Eitrebotn og opp på Kjeringafjellet.

Bergsete (900 moh, distanse 4 km frå Kvålen opp Kvannskar eller 5 km frå Njøs via Bjørgahaug og Våkeldahaug)

Kortast blir det via Fadnastølen og Kvannskar eller Havrane og Moldbakken. Du kan gå frå enden av skogsvegen mot Hangsete og gå opp frå Våkeldahaug i nordaustleg retning eller på merka sti frå Hangsete.

Fjærlandssete (880 moh, 5 km etter Kløvjavegen)

Start i Geitadalen, inst i Njøsadalen. Fin familietur på god sti som kjem inn på stien frå Øvstedalen, litt over Furesete. Ein kan også gå via Hottadalen,- noko kortare med betre utsikt.

Du finn meir om turane og andre turar her.

Kart over turpostane

Raud og gul stjerne = Dei 20 ordinære turpostane
Blå og gul stjerne = Ekstra trim med tang

Kontaktpersonar

NamnMobilE-postFacebook
Torill Felde97140861torill.felde@gmail.comJa
Elianne Eggum90630307elianne.eggum@gmail.comJa
Ingar Hals97473361ingar.hals@vlfk.noJa
Renate Sæle90783435renate_saele@hotmail.comJa

 Sponsorar

Langeteig Volldal liten
Sogn Royr AS - liten

Syrstrond Idrettslag

%d bloggarar likar dette: