Syril inkluderingsfond

Idretten er en viktig arena for veldig mange barn og unge. Det er en viktig sosialiserings- og læringsarena, så vel som en arena hvor barn og unge utvikler seg både fysisk, psykisk og mentalt.

Idrett skaper tilhørighet, fellesskapsfølelse og livslange vennskapsbånd. Alle bør få oppleve idrettsglede. Vi må derfor være oppmerksomme på hvordan økonomi og kultur kan ekskludere – slik at alle barn og unge som ønsker å delta i organisert idrett får muligheten til det.
– Norges Idrettsforbund


Born og unge skal få vera med!
Ei utfordring for mange familiar kan vere at økonomien er ein barriere for å delta i idrett. Det kan for eksempel vera vanskeleg å betale treningsavgift, reiseutgifter og eigenandel på turnering/cup, for ikkje å snakke om alt utstyr ein treng å kjøpe inn for å delta. Dette kan fort føre til at fleire born, anten delvis eller heilt blir ståande utanfor. Me ynskjer å vere ein klubb som ser alle, skaper tryggleik, trivsel, tilknyting og meistring. Me ynskjer eit stort mangfald og vil ta vare på alle!

Vårt inkluderingsfond har som mål at alle born og unge som ynskjer å delta på aktivitetar i regi av Syril idrettslag skal få høve til det, uavhengig av private økonomiske tilhøve. Vi ynskjer at alle born og unge skal få eit likeverdig tilbod og unngå utanforskap grunna økonomiske utfordringar.

Utanforskap er ei stor utfordring i dagens samfunn, og kan i nokre tilfelle også føra til mobbing og utestenging frå viktige sosiale arenaer. Idrettslaget er overtydd om at dette fondet kan sikra at endå fleire får oppleva å vera ein del av idretten på Leikanger.

Ta kontakt
Vi i Syril ynskjer at alle skal kunne vere med og vi ynskjer ikkje at nokon blir ståande utanfor eller sluttar i vårt idrettslag av økonomiske årsaker. Har du utfordringar med å betale, så ta kontakt med oss. Vi er fleksible og ynskjer å kome fram til ei løysing. Det er ei eiga fondsforvaltning som tek imot spørsmål og søknader. Denne består av Reimund Breisnes Loven og Nils Magne Slinde. Dei har teieplikt og all kontakt og informasjon blir behandla konfidensielt.

Har du spørsmål rundt ordninga, kan du kontakte fondsforvaltinga ved å skrive e-post til inkluderingsfondet@syril.no.

Gjer vel å ikkje skriv sensitiv personinformasjon i e-post. Oppgi eventuelt eit telefonnummer dersom du ynskjer å bli kontakta på telefon.

Søkje støtte
For å kunne få støtte lyt den det blir søkt støtte for vera medlem i Syril idrettslag. Inkluderingsfondet gir ikkje støtte til medlemsavgift. Ta eventuelt kontakt med oss for å sjå på løysing rundt dette.

Før du søkjer om støtte ber vi om at du les og set deg inn i retningslinjene til fondet. Dei finn du her:

Retningslinjer for inkluderingsfondet

Vil du søkje om støtte gjer du det ved å fylle ut søknadsskjemaet som du finn her:

Gå til søknadsskjema

Fleire stader å få hjelp
I tillegg til inkluderingsfondet er det andre moglegheiter for støtte til deltaking i idrett og utstyr. Du må gjerne kontakte og sjekke ut dei på førehand.

Økonomisk sosialhjelp – NAV
Flyktningtenesta
Integreringstenesta:
Røde kors/Coop-dugnaden

Sponsorar og andre bidragsytarar til Idrettslaget Syril sitt inkluderingsfond:

Ynskjer du å sponse eller gi støtte?
Ynskjer di bedrift å bli sponsor til vårt inkluderingsfond?

Gå til skjema for å sponse inkluderingsfondet

Di bedrift vil då vere med å bidra til betre psykisk og fysisk helse hjå barn og unge.

Vil du som privatperson gi støtte til inkluderingsfondet?

Send ditt bidrag via VIPPS til nummer 911370 eller overfør ditt bidrag til konto nr. 3705.52.19703.

Merk innbetaling med «Støtte inkluderingsfondet».

Syrstrond Idrettslag