AVKAST 2022

«God trenings- og lagkultur med trivsel og meistring.»

Syril handball kastar nok ein gong i gang sesongen med brask og bram, og inviterar alle til å vera med! Dette blir eit arrangement fylt av innhald som passar både for dei som er aktive innan idrett, som spelar, trenar, lagleiar, supportar, forelder – alle!

Program for Avkast 2022, 16. og 17. september

Fredag:
Kl. 18-20: Føredrag av Rasmus Mo – Lidenskap – Entusiasme og begeistring (Inngang: 50 kr for alle)

Laurdag:
Kl. 10-1145: Treningsøkt med Linn-Kristin «Linka» Riegelhuth Koren
Kl. 1200-1300: Føredrag av Linn-Kristin «Linka» Riegelhuth Koren (Inngang: 200 kr for ikkje-medlemmar av Syril)
Kl. 1315-1400: Pasningsøvelsar med Ole Kristian Gjerstad, Førde IL
Kl 1430: Spring for meg! Bli med på løpet og bidra i kampen mot barnekreft!

Vi startar i hallen – doner til vårt løp her: Spring for meg – Avkast 2022

PÅMELDING: Vi krev ikkje påmelding, men det er veldig fint om vi veit kor mange som kjem,
så til påmeldingsskjema gå og meld deg og dine på! 🙂
Heile laurdagen er gratis for medlemmar av Syril!

Samarbeid og utvikling

Me er så glade for at vi på nytt kan invitere til AVKAST i Leikangerhallen – denne gongen i meir åpne former enn i fjor. Vi ynskjer å gi medlemmane våre, og andre interesserte, ein pangstart med mykje påfyll og læring!

Samarbeid og lag er nøkkelord for desse to dagane, 16. og 17. september:

  • alle skal få, men alle må gi – litt om dugnadsarbeid og kor viktig dette er
  • utvikling av foreldretrenarane, gi alle litt input og noko å bygge vidare på
  • utvikling av spelarar
  • samarbeid og lagbygging på bana og arbeidsplassen: korleis kan me jobbe i lag for å motivere, engasjere og bygge kvarandre opp?

Dette er noko av det som Rasmus Mo, Linn-Kristin Riegelhuth Koren og Ole Kristian Gjerstad vil ta oss gjennom i sine foredrag og økter. Her snakkar me høg kompetanse og mykje god læring! Dette vil du ikkje gå glipp av!!

(Obs! Dei borna som skal delta på sjølve treningsøktene er fordelt per lag, og blir kontakta direkte via trenar/lagleiar.).

Ved spørsmål, send epost til syril@rvn.handball.no, eller kontakt Elianne Eggum, kontaktinformasjon Syril handball

Syrstrond Idrettslag

%d bloggarar likar dette: