Gymnastikksal

Gymsalen ligg i bygga til Leikanger Ungdomsskule. Denne vert nytta til mange ulike aktivitetar, spesielt i vinterhalvåret. Gymsalen egnar seg veldig godt til trening med mindre grupper, og er eit alternativ til Saften for dei som vil trene fotball innandørs. Gymsalen er eigd av Leikanger Kommune. Grupper/lag som ynskjer å trene der, må leige timar av kommunen. For fotballen skal avtalar gå gjennom Erlend Husabø.