
Retningsliner og informasjon om kunstgrasbana
- Bana er open for alle
- Desso Sportssystem har levert bana og det er 5 år garanti for montasjen og 10 års garanti for sjølve graset. Men kravet er at vi brukar bana som føresett. Graset som er levert er 4 cm langt og heiter IDNA X-files. Det er lagt ut 1 cm med grus oppå graset og 1 cm gummigranulat (kuler). Slik at når alt er ferdig skal graset vert 2 cm høgt
- Bana skal sloddast kvar veke etter oppsett driftsplan frå Desso. Leikanger kommune har teke på seg dette arbeidet. I tillegg vert bana djupreinsa ein gang i året. Vi har skrive ein 5-årskontrakt med firmaet Saltex om dette som tek kunstgraset ved barneskulen og ved ungdomsskulen samtidig
- SYRIL sine lag har betalt for bruken gjennom si treningsavgift
- Barneskulen kan fritt bruke bana då kommunen har teke på seg drift av bana og deltek med finansiering
- Andre organiserte brukarar må betale for bruken av bana. Pris vert sett til kr 1000,- pr time for heil bane og kr 500 pr time for halv bane. For lengre periodar kan det gjerast avtale om andre prisar.
- Tilfeldige brukarar som stikk innom kan bruke bana fritt
- Bruk fotballsko. Lange knottar er OK, men ikkje å tilrå ut frå omsyn til beina til spelaren. Vanlege grasskog er heilt ok. Be om råd på sportsbutikkane. Erling Røysum AS er SYRIL sin samarbeidspart på sal av fotballutstyr.
- Unngå unødvendig joggeskobruk på bana. Publikum og lagleiarar kan med fordel stå ute på asfalten i staden for inne på bana ved 7-ar-kampar, men det er ikkje forbud mot å gå med joggesko på bana. Det fører berre til meir behov for slodding og at levetida går ned.
- Straffemerka er ikkje merka opp for å unngå slitasje på kunstgraset på dette populære punktet for skot på mål. Flytt gjerne målet litt til sides ved skottrening.
- 7-ar-banene er berre punkta med gul farge. Vi prøver med kinahattar i tillegg – er ikkje det godt nok må vi merke med spray i tillegg
- Det er sjølvsagt ikkje lov med bilkøyring, mopedar eller sykling ute på bana. Det skal heller ikkje parkerast syklar eller liknande på asfalten. Den er meint som tryggleikssone for spelarane ute på bana.
- Mål skal parkerast på målparkeringa som er ferdig opp mot barneskulen. Det er ikkje lov å flytte mål frå grasbana då dei ikkje har hjul som kan brukast på kunstgras. Etter kvart vert også målparkeringa i hjørnet mot Holerunnane klart til bruk.
- Lysanlegget brukar for om lag 20 kroner i straum i timen. Slå difor av lyset når det ikkje er i bruk.
Kjøpe andel i kunstgrasbane
- Betal til bankgiro 3705.10.13124
- Merk innbetaling i rubrikken Melding/Beløpet gjelder med «Andel kunstgrasbane» og ønska andelsnummer eller «særfelt». Først til mølla! Er andelen allereie kjøpt, tildeler vi fortløpande.
- Merk også med «Namn på Andelseigar » i feltet Melding/Beløpet gjelder.
Kunstgrasbana er eit stort økonomisk løft for ein liten klubb i SYRIL. Vi har klart å finansiere vår del av kostnaden med 1 mill. kr frå Leikanger kommune / Sognekraft og 0,4 mill. kr frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Resten skal finansierast med tippemidlar. Diverre er løyvingane alt for små så einast moglegheit for å kome inn i den køen er å forskottere. Det har vi no gjort ved å ta opp eit lån i Sogn og Fjordane sparebank på 2 mill.kr.
Men vi får ikkje tippemidlar til innbytarbenker, kiosk og tribune. Vi håpar du vil vere med å hjelpe oss å finansiere dette. Det gjer vi ved å selje andeler i bana. Bana vert delt opp i 240 like store felt som du kan «kjøpe» for 3 000 kroner. Å kjøpe i denne samanheng betyr at du får namnet ditt på eit plakat som vert lagt ut på SYRIL.no og på veggen i kiosken. Det er sjølvsagt lov å vere anonym eller bruke alias. Det er naturlegvis høve til å kjøpe fleire felt. Målet er å få finansiert tilleggsarbeida slik at vi slepp å legge enno meir på treningsavgiftene til spelarane. Det er alt dyrt nok som det er.
Særfelta, det vil seie midtsirkel, straffefelt, 16-metrane og hjørna, vert selde som samla einingar og er særleg mynta på bedrifter, lag, foreining, vennegjengar eller andre som slår seg i lag for å få hand i eit større samla område. Midtsirkelen kostar kr 30 000 medan dei andre kostar kr 15 000. Det vert høve til bedriftsprofilering av desse felta. Det inneber logo på plakat på nettsidene våre og på plakaten i kiosken. Det vil og vere høve til å få avtale om stadionreklame i tillegg.
Ta kontakt med Nils Magne Slinde (901 54 550) om du har spørsmål.
