Saften – Leikangerhallen

Treningstider i Leikangerhallen 2023/2024

Kommunen si oversikt over aktivitet i hallen

Sogndal kommune har ei side som viser faste og andre aktivitetar i hallen samt møteromma i fjerde etasje.

Bruk av utstyr i Leikangerhallen

Alle har ansvar for å ta vare på det utstyret som ein nyttar i Leikangerhallen. Alt utstyr skal leggast på sin plass etter bruk. Når treninga er avslutta, skal trenar sjekke at allt utstyr er på plass.

  • Vestsett er inndelt i gruppene barn, ungdom, voksen. Det skal henge to vestfargar på kvar av gruppene. Vestane skal som hovudregel ikkje nyttast på tvers av gruppene. (Lag som nyttar klister må difor ikkje bruke vestar tiltenkt lag som ikkje nyttar klister).
  • Kvar av gruppene får ansvar for vask av sine vestar. Lagleiarane har ansvar for å lage eit oppsett/ liste for dette.
  • Det vert satt opp liste for uttak av utstyr frå «hovudlaget»/ lager under trappa. Type utstyr, antall og dato for uttak må førast opp, samt namn på den som har henta ut utstyret.
  • Ballkorgene og utstyrskorga skal alltid låsast etter trening.

Syrstrond Idrettslag