Grunneigar på Hella var i kontakt med meg og gav beskjed om at han ikkje ville ha turgåarar på privatvegen eller gjennom eigedomen sin lenger. Det lyt vi berre respektere.
Syril trim vil:
- vurdere om det er mogleg å finne ein alternativ start i nærleiken, eller
- ta ned og flytte posten til ein anna stad.
Med mindre du går opp frå andre stadar, ikkje ta turen til Vassvarden inntil vidare.