Trenaraspirant i Syril fotball?

Syril fotball ønskjer yngre gutar og jenter inn som trenarar i klubben, og vil henvende seg til gut/jente/senior om det er interesse å vere med på eit slikt «prosjekt». Formålet er å rekruttere inn fleire til å vere med som trenarar rundt laga våre, og gje yngre som kan ha interesse for eit slikt verv motivasjon til å prøve seg.

For gute/-jentespelar som vil prøve seg som trenaraspirant, er det lag under eigen årsklasse som er aktuelt, dvs frå smågute/småjente og nedover.

Har du/de spørsmål eller er interessert i å vera med, så ta kontakt med Steinar (90145370) eller Kjetil (90277167)

 

Trenarkurs fotball

Framleis plass til fleire på NFF sitt kurs «Grasrottrenaren».

Kurset er fk. tysdag 19. september og onsdag 20. september kl. 17.00 til 21.00, oppmøte utanfor mediateket på barneskulen.

Vi vil starte med Del kurs 2 – Barnefotball – flest mulig med kvalitet. Dette er kurs som er gode å ha når ein er trenar i barne- og ungdomsfotballen.

Meld dykk på til Steinar Røysum tlf. 90145370 eller e-post s-roysum@frisurf.no

Lenke der det står meir om «Grasrottrenar utdanninga»

Bilete ditt på trimkort i 2018?

Mange flotte bilete vert posta på Facebook-gruppa til Syril Trim. Vi er på jakt etter bilete til trimkorta for 2018 og treng di hjelp. Sit du med eit blinkskot du meiner kan pryde ein av kortypane neste år?

NB! Pass på at bileta du lastar opp, sender eller deler er i full storleik.

Innlevering av trimkort

Tursesongen går mot hell, men det framleis god tid att til å få gjort unna dei siste klippa. Erling Røysum Sport AS eller Små Livsgleder er klar til å ta imot kortet ditt.

Hugs å skriva namn og tlf.nrbaksida av kortet. Vi minner om eigen trekning for barn fødd i 2002 og seinare blant Trim 30-kort med minimum 20 klypp. Er du fødd i 2002 og seinare, hugs å skriva fødselsåret bak på kortet.

Syril Trim hentar dei innleverte kort 1. november og det blir trekning i løpet av november.

Du har att 2 månadar til å få på plass dei siste klippa.

Turpost 2017Trim 30 2017

 

Fotballsøndag 10. september!

Søndag er Syril stadion møteplassen i bygda! Kiosken vert open og det blir grilling. Ta lunsjen eller middagen på Syril stadion og sjå ungane/ungdomane våre spele fotball!

Kampprogram:

  • 11.00 Syril – Vik G10
  • 11.00 Syril – Norane J11
  • 12.20 Syril – Aurland G12
  • 13.40 Syril – Kaupanger G13/14
  • 15.10 Syril – Bjørn G15/17

Innmarsj med musikk for laga, speakerteneste og musikk. Markering av pokalvinnarar frå cupane i sommar ca. kl 14.45. Sogn og Fjordane fotballkrins deltek v/Anders Veibust.

3v3-turnering for miniputtar kl 11.00

Vi låner 3v3 bane av krinsen. Parallelt med kampprogrammet over vert det ei uformell turnering for dei yngste.

G2010 er desse laga: hjort, elg og rein
J2009 er desse laga: bjørn, jerv og hare
J2008 er desse laga: ulv og rev

Kampane er på 8 minuttar utan sidebyte:

  • 1100 hjort-elg
  • 1110 rein-ulv
    1120 hjort-rev
  • 1130 elg-rein
  • 1140 ulv-hjort
  • 1150 elg-rev
  • 1200 rein-hjort
  • 1210 elg-ulv
  • 1220 rev-rein
  • 1230 bjørn-jerv
  • 1240 hare-ulv
  • 1250 bjørn-rev
  • 1300 jerv-hare
  • 1310 bjørn-hare
  • 1320 bjørn-jerv
  • 1340 jerv-hare

Vi snakkast på stadion

Eirik og Sverre bra på UM

Eirik Skrede Valvik og Sverre Linde Røyseth; begge i klasse G15, representerte Syril på Ungdomsmeisterskapen i friidrett på Fana stadion fredag 1. – søndag 3. september.

Dei gjorde sine saker bra, sjølv om dette var debuten i ein nasjonal meisterskap:
– Eirik kasta 32,05 m i diskos (1kg); 6.plass og 1,48 m bak personleg rekord
– Sverre hoppa 1,61 m i høgde; 9. plass og 4 cm under persen
– Eirik sprang på 2.12,26 på 800 m; 20. plass og ny pers med 2,35 sek.

Meir om UM på umfriidrett2017.no.

Eirikdiskos

Sverre161

Tine fotballskule

20170817_132800Då er årets Tine Fotballskule over, det har vore fire aktive dagar.

I overkant av 70 ungar har vert med, håpar og trur at alle har kost seg. Torsdag’en vart avslutta med turnering og ikkje minst grilling. Syril fotball vil takka alle saman for nokre fine dagar ilag.

Vil også gje ei stor takk til dei 23 instruktørane som deltok for at vi kunne gjennomføra fotballskulen.

PS! Det ligg ein del klær igjen, samla på tribuna på kunstgrasbana.

God fottballhaust!

Bli med på Byrkjelo

km-byrkjelo-oversiktbildeKM helg på Byrkjelo alle aldersbestemte klassar frå 13 år, samt senior og veteran. Laurdag 19. august tek stemnet til kl. 13.00, slegge startar kl 11.00. Søndag startar stemnet kl 12.00.

For aldersgruppa 10-12 år vert det i same stemne Krinsleikar med deltakarpremiering.

Øvingsutvalet for 10-12 åringane i krinsleikar er: 60 m, lengde, liten ball og 600 meter.

Øvingsutvalet for KM er:ovingsutvalTest spurten, utenhaldenheit, spenst eller om du kan kaste langt!

Ta kontakt med Ingunn Nyhammer (ingunn.nyhammer@gmail.com), tlf 971 17 076 om du vil vere med!

 

 

Syrstrond Idrettslag