Informasjon om årets fotballskule finn de her.
Det vert 4 dagar med sosialt og mykje fotballmoro! Meld dykk på!
Informasjon om årets fotballskule finn de her.
Det vert 4 dagar med sosialt og mykje fotballmoro! Meld dykk på!
Syril er årets Tine fotballskule i Sogn og Fjordane for 2025! Det at mange tykkjer at vår fotballskule er so bra er både rørande og skikkelig stas! Me fekk prisen også i både 2022 og 2023, og det er tydeleg kontinuitet, dugnadsånd og velvilje frå frivillige og foreldre gjer at me kan få til ei fin veke år etter år.
Tine fotballskule er eit resultat av godt samarbeid og eit ønske om å få til ting i lag. Utan alle dei fantastisk flotte instruktørene våre frå jente- gute- og seniorlaga våre, dei alltid positive foreldra som stiller på kjøkenet og syter for nydelig lunsj hadde ikkje dette gått an.
Takka vera dykk hadde over 100 unge spelarar ei fantastisk veke med fotball, samhald, glede, inkludering og idrettsglede. Utan dykk hadde det ikkje vore mogleg!
Det å høyra at familiar legg opp ferien for å få med seg fotballskulen tykkjer me er fryktelig kjekt!
Ein ekstra honnør og takk til Reimund Breisnes Loven, Frode Berge Alme, Birte Andersen Røysum og Solveig Kvame frå fotballstyret som syr dette saman og ordnar alt frå å pumpe ballar, trøste og plastre, handle inn og legg til rette på alle måtar!
Me gir gass og skal gjere alt me kan for at Tine fotballskule 2026 vert minst like bra!
No er påmeldinga til årets fotballskule opna.
De finn informasjon om fotballskulen på denne sida: TINE fotballskule
Meld dykk på! Dette vert kjekt!
Syril fotball ønskjer sjølvsagt velkommen til Tine fotballskule også i 2025!
Det vert som vanleg den siste veka før skulestart, så hold av datoane 11.-14. august.
Meir informasjon og påmelding kjem 🙂
Syril fotball og dei flotte unge deltakarane treng frivillige vaksne til å bistå og utføre ulike oppgåver under årets Tine fotballskule. Oppgåvene kan t.d bestå i å tilbrede og servere måltid, dekke på og rydde av, rigge opp og rigge ned m.m. Det skal kvar dag serverast 2 fruktmåltid i tillegg til lunsj.
Vi håpar difor at du kan tenkje deg å bidra. Vi er sikre på at ditt bidrag vil vere med å skape ei flott og koseleg ramme rundt fotballskulen.
For å få til ein god logistikk ynskjer vi at det er minimum 3-4 vaksne til stades kvar dag. Vi ynskjer at du er med enten heil eller halv dag.
Halv dag er frå kl.10 – 12.15 eller 12.15 – 14.30. Heil dag er frå 10 – 14.30.
Ynskjer du å bidra under Syril fotball sin Tine fotballskule, meld deg via lenka: Frivillige til Tine fotballskule 2024
Syril fotball arrangerar Tine fotballskule måndag 12.august til og med torsdag 15.august. Fotballskulen er for dei som er fødde 2012-2018. Meld dykk på nokre kjekke fotballdagar siste veka av sommarferien.
Gå inn på sida til Tine fotballskule for meir info.
Syril fotball arrangerar, som tidlegare år, Tine fotballskule siste veka før skulestart. Nytt i år er tilbod for dei som er 7 år, med eige opplegg. Følg lenka for meir informasjon. Håpar mange vert med å kjekke fotballdagar siste veka av sommarferien.
Måndag 8.august til torsdag 11.august arrangerar Syril Fotball Tine fotballskule for dei som er fødde i 2014, 2013, 2012, 2011 og 2010. Meir informasjon om opplegget og påmelding finn du her: Tine fotballskule 2022
Måndag 8.august til torsdag 11.august arrangerar Syril Fotball Tine fotballskule for dei som er fødde i 2014, 2013, 2012, 2011 og 2010. Meir informasjon kjem.
Syril fotball arrangerar Tine fotballskule 9.-12.august. Les meir her