Eirik Skrede Valvik og Sverre Linde Røyseth; begge i klasse G15, representerte Syril på Ungdomsmeisterskapen i friidrett på Fana stadion fredag 1. – søndag 3. september.
Dei gjorde sine saker bra, sjølv om dette var debuten i ein nasjonal meisterskap:
– Eirik kasta 32,05 m i diskos (1kg); 6.plass og 1,48 m bak personleg rekord
– Sverre hoppa 1,61 m i høgde; 9. plass og 4 cm under persen
– Eirik sprang på 2.12,26 på 800 m; 20. plass og ny pers med 2,35 sek.
Meir om UM på umfriidrett2017.no.