Nora Henjesand frå Syril er teken ut til Norges fotballforbund sin Talentleir for jenter fødd 2003. Samlinga er i Sarpsborg 18. – 21. mars. Dette er ein stor prestasjon som det ligg mykje trening bak. Gratulera så mykje til Nora.
Rekrutteringsdommarkurs i Sogndal på Fosshaugane Campus fredag 16. og laurdag 17. februar 2018. NFF Sogn og Fjordane arrangerer rekrutteringsdommarkurs for klubbane. Alle som ønskjer kan delta, der lågaste aldersgrense er for dei som er fødd i 2004.
Påmeldingsfristen er: tysdag 13. februar. Send e-post til Marianne Husabø med namn, klubb og e-postadresse.
Det er ingen øvre aldersgrense for å delta på rekrutteringsdommarkurset. Vi ønskjer alle frå 14 år og oppover velkomne!
Kurset er gratis!
Klubbane i NFF Sogn og Fjordane treng fleire dommarar!
Fleire frå Syril har vore i Nord-Italia og gått skiløpet Toblach – Cortina. Laurdag 03.02 var det 50 kilometer klassisk, som inngår i Ski Classics. I dag, søndag 04.02, var det 30 km friteknikk.
Torunn Grut tok tredjeplass samanlagt 50 km klassisk og 30 km friteknikk. Vi gratulerer med eit kjemperesultat!
Tenkte vi skulle dele eit eksempel på kvifor hjelm er viktig og påbudt i skibakken på Kleppa.
Bilete til høgre viser resultatet av samanstøyt med eit tre i «Mungo-løypa». Dette er ikkje ein del av skibakken, men terrenget aust for skitrekket, bak trekkhytta. Mange synes det er kjekt og utfordrande å køyre her. Det er mykje som stikk opp og ein kan vere uheldig.
Skikøyraren i eksempelet hekta i noko og kom siglande på rygg ned mot eit tre. Farten var forholdsvis liten. Hjelmen gjorde jobben sin og hindra skade på hovudet.
Ein hjelm til nokre hundre kroner er ei rimeleg investering. Om du har gløymt eller manglar hjelm, har Syril hjelmar i trekkhytta til gratis utlån for dagen.