
Tenkte vi skulle dele eit eksempel på kvifor hjelm er viktig og påbudt i skibakken på Kleppa.
Bilete til høgre viser resultatet av samanstøyt med eit tre i «Mungo-løypa». Dette er ikkje ein del av skibakken, men terrenget aust for skitrekket, bak trekkhytta. Mange synes det er kjekt og utfordrande å køyre her. Det er mykje som stikk opp og ein kan vere uheldig.
Skikøyraren i eksempelet hekta i noko og kom siglande på rygg ned mot eit tre. Farten var forholdsvis liten. Hjelmen gjorde jobben sin og hindra skade på hovudet.
Ein hjelm til nokre hundre kroner er ei rimeleg investering. Om du har gløymt eller manglar hjelm, har Syril hjelmar i trekkhytta til gratis utlån for dagen.