Kategoriarkiv: Friidrett

Status nye stadion

Baneentreprenøren har gjeve beskjed om ny utsetting. Konkret dato for oppstart er ikkje klart, men vert truleg i starten av august. Frå arbeidet med gummidekke tek til går det normalt 3 veker til ferdigstilling. Kommunen har kosta bana for oss, me ber brukarar unngå leik som grisar til asfaltdekket. Dette gjeld særskilt leik med sand i lengdegropene og grop for kulestøyt.

Sirkeltrening startar opp att i Saften fredag kl. 19-20

Sirkeltrening etter tradisjonelt opplegg, opent for alle.

Vi gjer nokre enkle tilpassingar for å følgje smittevernreglar. I tillegg til dei tre grunnleggande reglane (heime ved symptom, avstand og vask hender).

  • Kvar deltakar har si matte gjennom heile økta (ei frå hallen eller om ein til ta med si eiga yogamatte eller liggeunderlag).
  • Bom og ribbevegg tørkar vi over mellom kvar deltakar.
  • Deltakarliste frå kvar trening.

Det har vore få deltakarar siste åra, så vi må vurdere om vi skal halde fram med sirkeltreninga, men vi startar no på fredag og ser. Torunn Grut (torunn,grut@vlfk.no) vil gjerne ha ei melding frå dei som vil vere med slik at ho veit om lag kor mange vi blir. Gje gjerne ei melding sjølv om du ikkje blir med no fredag, men truleg blir med seinare.

Vinterdugnad på nye stadion

Det vert dugnad på bana 31.oktober. Førebels tidspunkt er kl.10.00, me ventar at mykje er gjort på 3 timar.

Det er litt forskjellig som skal gjerast. Det handlar om å gjere anlegget klart for vinteren. Nils Magne og Jørgen er kontaktpersonar for dugnaden.

Me skal:

  • Fordeling av grus på sørside
  • Opprydding og vassvegar under klubbhus
  • Stenging av veg inn til bana
  • Flytting av fresemassar, evt utlegging om me har eit område som er klart
  • Sandhaug ved snuplass utanfor bana

Så grapse, spade, rake, kost er gode reiskapar. Om nokon har ei trillebår er det fint også.

Dei som har anledning til å stille, kan melde seg til Jørgen, jorgen.eikenes@disfva.no

Kan elles opplyse om at dugnaden med rulleplenen sparte Syril for 230 000 kr! Ikkje dårleg for ei helg med dugnad.

Dugnad Syril stadion

Hei

Yes, no må me trø til! Det blir legging av rulleplen til helga, på fredag og laurdag (21 og 22). Syril sparar 100 000 kr på denne dugnaden, her har me god timebetaling. Det er denne helga det er mogleg å gjennomføre på grunn av anlegget elles, så her må Syril syna at me kan få jobben gjort!

Arbeidet organiserast i tre økter:

Fredag 21.08: 1700 – 2100

Laurdag 22.08: 0900 – 1500 og 1700 – 2100

Me treng om lag 15 personar tilstades under alle øktene. Me tenker å organisere arbeidet i arbeidslag a 4 – 5 personar.

Det trengs kun arbeidshanskar, sterk rygg og godt humør for å vere med på dugnad. Arbeidet er enkelt, men ein risikerer å få litt trening!

Per Hauge er dugnadsleiar og vil vere tilstades.

Påmelding til dugnad kan gjerast ved å kontakte Kitty Krosshaug på e-post: kittyrenate5@hotmail.com

Tek nokon utfordringa og stiller på to, eller til og med alle tre øktene?

Vel møtt til dugnad!

Status støtte til friidrettstadion

Medlemar i SYRIL har no betalt inn over kr. 50 000 til hjelp for å få ferdig friidrettsstadion. I tillegg fekk vi kr. 30 000 i koronamidlar frå Sparebankstiftinga. Tusen takk til alle. Det gjer at vi har bestemt oss for å gjere ferdig grunnarbeida og løpebana. Vi har ikkje midlar til kunstgras på tre-ar-banene eller til gras på grasbanedelen, men det jobbar vi med.

I tillegg har vi fått kr. 400 000 frå sparebankstiftinga til lysanlegg. På bilete som er vedlagt, ser de overrekking til vår prosjektleiar Jørgen Dahle Eikenes frå banksjef bedriftsmarked i Sparebanken Sogn og Fjordane, Jan Petter Vadheim.  Men lysanlegget kostar om lag 1,2 mill. kr. Vi vil søke om spelmidlar, men eigenandelen klarar vi ikkje å finansiere. Kvar krone frå dykk medlemmar kjem godt med.

Vi håpar difor at enno fleire av medlemmane i SYRIL ønskjer å hjelpe. Det kan ein gjere med ei ekstra gåve som ein betalar inn på konto 3781.07.31029 eller VIPPS 88235. Merk innbetalinga med «Støtte til Friidrettsstadion». Beløpet er valfritt.

Alle medlemmar med registrert e-postadresse får denne eposten. Dersom du veit om andre som kanskje kan vere interessert i å støtte, så send gjerne denne eposten vidare.

Helsing

Friidrettsvener i SYRIL

Støtte til friidrettsstadion

Hei

Syril byggjer nytt friidrettsstadion, men må kanskje utsetje ferdiggjering pga. koronapandemien. Meir informasjon om anlegget og situasjonen finn du i vedlagte fil. Dersom du ikkje får opna fila, så sende ein epost til nmslinde@frisurf.no så skal vi sende den på epost.

Vi håpar at medlemmane i Syril ønskjer å hjelpe til i denne vanskelege situasjonen. Det kan vi gjere med ei ekstra gåve som ein betalar inn på konto 3781.07.31029 eller Vipps 88235. Merk innbetalinga med «Støtte til Friidrettsstadion». Beløpet er valfritt.

Alle medlemmar med registrert epostadresse får denne eposten. Dersom du veit om andre som kanskje kan vere interessert i å støtte, så send gjerne denne eposten vidare.

Helsing

Friidrettsvener i Syril

Valnemnda treng hjelp

Valnemnda si oppgåve er å finne frivillige som kan ta på seg ulike oppgåver i Syril for 2020. Mange tek attval, men nokon må erstattast. Valnemnda har jobba aktivt med å rekruttera, men lista over moglege kandidatar er no tom. Vi treng di hjelp til å finne personar som er villig til å ta på seg ei av desse rollene i Syril:

  1. Leiar for friidrettgruppa
  2. Leiar for skigruppa
  3. Leiar for barnegruppa
  4. Medlem i styret til Skihytta

Leiar er ei nøkkelrolle. Syril ønskjer å tilby eit variert tilbod. For å få det til er vi avhengig av at nokon vil ta på seg verv som leiar.

  • Kan du tenkje deg å ta ei av utfordringane/rollane over?

Ein av revisorane gir seg, men den andre blir med vidare slik at kontinuiteten blir ivareteken.

  •  Har du lyst til å vere med å revidere rekneskapen til Syril?

Meld deg til teneste eller send framlegg på kandidatar til arild@bjrk.no, telefon 95206049.