Informasjon om årets fotballskule finn de her.
Det vert 4 dagar med sosialt og mykje fotballmoro! Meld dykk på!
Informasjon om årets fotballskule finn de her.
Det vert 4 dagar med sosialt og mykje fotballmoro! Meld dykk på!
Salet av julekalendaren er rett rundt hjørnet!
Det vert sal av julekalendar i Saften kl. 15.30 – 17.30 mandag til fredag i veke 48. I tillegg vil du få kjøpt kalendaren heile laurdag 21.november, og dersom det er att, laurdag 28.november.
Det vil og vere mogeleg å få kjøpt kalendaren hjå Erling Røysum AS og på Gartneriet.
Merk: Kun vipps – betaling!
Løp og kjøp 🙂
Sundag 8.november spelar J 13/14 om KM-tittelen. Møt opp på bana førstkommande sundag kl.15 og ver med på å heie jentene til siger.

Sundag 1.november spelar J 15/17 om KM-tittelen. Møt opp på bana førstkommande sundag kl.14 og ver med på å heie jentene til siger.

Sirkeltrening etter tradisjonelt opplegg, opent for alle.
Vi gjer nokre enkle tilpassingar for å følgje smittevernreglar. I tillegg til dei tre grunnleggande reglane (heime ved symptom, avstand og vask hender).
Det har vore få deltakarar siste åra, så vi må vurdere om vi skal halde fram med sirkeltreninga, men vi startar no på fredag og ser. Torunn Grut (torunn,grut@vlfk.no) vil gjerne ha ei melding frå dei som vil vere med slik at ho veit om lag kor mange vi blir. Gje gjerne ei melding sjølv om du ikkje blir med no fredag, men truleg blir med seinare.
Det vert dugnad på bana 31.oktober. Førebels tidspunkt er kl.10.00, me ventar at mykje er gjort på 3 timar.
Det er litt forskjellig som skal gjerast. Det handlar om å gjere anlegget klart for vinteren. Nils Magne og Jørgen er kontaktpersonar for dugnaden.
Me skal:
Så grapse, spade, rake, kost er gode reiskapar. Om nokon har ei trillebår er det fint også.
Dei som har anledning til å stille, kan melde seg til Jørgen, jorgen.eikenes@disfva.no
Kan elles opplyse om at dugnaden med rulleplenen sparte Syril for 230 000 kr! Ikkje dårleg for ei helg med dugnad.
Vi har mykje å gjere på Kleppa for å gjere klar løype, bakke og skitrekket, så vi treng god bemanning begge dagar.
Send melding kva dag du stiller! Vi treng oversikt over kor mange som kjem og kva utstyr dei har for å planlegge dugnaden.
Dugnaden startar kl. 10:00 og varer til 15:00 begge dugnadsdagar.
Oppgåver
• Kutte tilvekst av vegetasjon i alpinbakke, trekktrace og lagrennsløype (det gror godt så vi treng mange til dette).
• Vedlikehald av grøfter i langrennsløypa.
Ta med:
• Matpakke og drikke (Vi samlast for mat i gapahuken kl. 12.30).
• Ryddesager, motorsager og handsager (vedsager og greinsaker). NB! Hugs verneutstyr.
• Hanskar, hørselsvern
Syril held miljøbensin til motorsag/ryddesag.
Vi treng mange ryddesager og 2-3 motorsager kvar dugnadsdag. Den som bruker eiga motorsag/ryddesag får den reparert for inntil kr. 1000,- om den havarerer under bruk på Kleppa.
For å ha kontroll på kapasitet/utstyr, ber vi alle gi melding om kva dag (ar) du kjem, og kva utstyr du tek med! Send melding til katrinerwilson@gmail.com
Bli gjerne med begge dagar.
No er kamplista for våren 2019 lagt ut på nettsida. De finn den her: https://syril.no/ball/fotball/kamp/
Kamplista vert oppdatert fortløpande ved endringar.
Sundag 10. juni vart det arrangert Kongleriket miniputt turnering på Syril stadion. Om lag 450 spelarar frå Syril, Sogndal, Norane, Bjørn og Luster/Fanaråk sørga for god stemning og mange fine skåringar!