Stikkordarkiv: Leiar

Per vart takka av som leiar

På årsmøte i Syril Idrettslag torsdag 10.mars vart Per Hauge takka av som leiar i Syril Idrettslag etter 26 år. Per har gjort ein veldig god jobb for Syril i alle desse åra, og har sikra idrettslaget ein solid økonomi. Dette skuldast mellom anna mange store flyttedugnadar som Per har fått i stand og gjennomført på ein flott måte. I tillegg har han vore med å fått på plass større prosjekt og investeringar, som t.d nytt skitrekk på Kleppa, nye og moderne trakkemaskiner, ny og trygg syrilbuss, idrettshall, kunstgrasbane og nytt friidrettsstadion. Me takkar Per for den for den gode innsatsen han har gjort for idretten i bygda. Og så er me takknemlege for at han vil fungere som leiar fram til 1. september når ny leiar er på plass.

Valnemnda treng hjelp

Valnemnda si oppgåve er å finne frivillige som kan ta på seg ulike oppgåver i Syril for 2020. Mange tek attval, men nokon må erstattast. Valnemnda har jobba aktivt med å rekruttera, men lista over moglege kandidatar er no tom. Vi treng di hjelp til å finne personar som er villig til å ta på seg ei av desse rollene i Syril:

  1. Leiar for friidrettgruppa
  2. Leiar for skigruppa
  3. Leiar for barnegruppa
  4. Medlem i styret til Skihytta

Leiar er ei nøkkelrolle. Syril ønskjer å tilby eit variert tilbod. For å få det til er vi avhengig av at nokon vil ta på seg verv som leiar.

  • Kan du tenkje deg å ta ei av utfordringane/rollane over?

Ein av revisorane gir seg, men den andre blir med vidare slik at kontinuiteten blir ivareteken.

  •  Har du lyst til å vere med å revidere rekneskapen til Syril?

Meld deg til teneste eller send framlegg på kandidatar til arild@bjrk.no, telefon 95206049.