Måndag 8.august til torsdag 11.august arrangerar Syril Fotball Tine fotballskule for dei som er fødde i 2014, 2013, 2012, 2011 og 2010. Meir informasjon kjem.
Kategoriarkiv: Barn
Skileik på Kleppa
Førstkommande torsdag startar skileik på Kleppa.
1.- 3.klasse: Torsdag kl.17.30 – 18.30
4. klasse og oppover: Torsdag kl. 18.30 – 20.00
Kvar aktivitet vil bli lagt ut på spond, slik at vi enkelt kan oppdatere i høve snøforhold. Trenarar vil vere frå foreldregruppa.
Vi legg opp til varierte leikar for å gi skiglede og dugleik basert på Norges skiforbund sine råd om aktivitet for barn.
Tine fotballskule 2021
Syril fotball arrangerar Tine fotballskule 9.-12.august. Les meir om fotballskulen her.
Syril – akademiet
Nå har vi gjennomført ei kartlegging om det var interessa for deltaking på Syril akademiet, og det var det, ca. 35 stk. ønskjer å delta, det er framleis plass til fleire.
Så første helga med Syril akademi vert 9-11 april, med treningsøkter fredag, laurdag og søndag.
Tilbodet er retta mot jenter og gutar i alderen frå 11 år t.o.m. 15 år (f 2010 – 2006) som er motiverte for å trena ekstra. Dette vil vera eit ekstra tilbod der ein kan få nye impulsar og utvikling leia av dyktige trenar.
Det signaliserte informasjonsmøte vert ikkje gjennomført pga. smittevernshensyn, men alle som skal delta på akademiet møter på bana torsdag 8. april kl. 18 for meir informasjon og utdeling av genser.
Har de spørsmål så berre ta kontakt med Steinar Røysum på e-post s-roysum@frisurf.no eller på tlf. 90145370.
Påmelding skjer ved innbetaling av deltakaravgifta på kr 500,- til VIPPS 111103 eller konto 3781 14 13101 innan 26. mars 2021, merk med AKADEMI, legg inn str. på genser.
Premiar for skikarusell 2020
Det blei diverre ingen premieutdeling for skikarusellen i år. Premiane er sett ut for henting i garasjen ved Stukestølen 11 på Dalen. Alle som deltok får premie. Premiane må hentast innan 23.desember.
Informasjon om skikarusell 2021 kjem snart.
Barneskigruppa
Leiar barneidrett
SYRIL sitt årsmøte klarte ikkje å finne nokon til å leie barneidrettsgruppa i år. Det vert diverre ingen aktivitet for dei yngste dersom ingen vil ta på seg denne oppgåva. Det er synd for ungane som då ikkje får eit slikt tilbod i vinter. Vi håpar difor at noko som les dette ønskjer å hjelpe til med dette. Send i så fall ein epost til post@syril.no.
Skikarusell laurdag 29.februar
Då er det endeleg klart for skikarusell på Kleppa. Skikarusellen er førtskommande laurdag kl.12-13, og me håpar å sjå mange små skigåarar.
Valnemnda treng hjelp
Valnemnda si oppgåve er å finne frivillige som kan ta på seg ulike oppgåver i Syril for 2020. Mange tek attval, men nokon må erstattast. Valnemnda har jobba aktivt med å rekruttera, men lista over moglege kandidatar er no tom. Vi treng di hjelp til å finne personar som er villig til å ta på seg ei av desse rollene i Syril:
- Leiar for friidrettgruppa
- Leiar for skigruppa
- Leiar for barnegruppa
- Medlem i styret til Skihytta
Leiar er ei nøkkelrolle. Syril ønskjer å tilby eit variert tilbod. For å få det til er vi avhengig av at nokon vil ta på seg verv som leiar.
- Kan du tenkje deg å ta ei av utfordringane/rollane over?
Ein av revisorane gir seg, men den andre blir med vidare slik at kontinuiteten blir ivareteken.
- Har du lyst til å vere med å revidere rekneskapen til Syril?
Meld deg til teneste eller send framlegg på kandidatar til arild@bjrk.no, telefon 95206049.
Aktitetsleiarkurs – barneidrett
2. – 3. september i Sogndal
Kurset gir grunnleggande kunnskap om korleis idrettsaktivitet for barn opp til 12 år skal bli lagt til rette og leia, slik at barna opplever glede, tryggleik og mestring. Dette kurset er generelt og går på tvers av alle særidrettar.
Kurset er prega av aktivitet og tema som:
- Idretten sitt verdigrunnlag
- Idrettens barnerettigheiter og Bestemmelsar om barneidrett
- Barn si utvikling og aldersrelatert trening
- Organisering og tilrettelegging av hensiktsmessig aktivitet – praktisk gjennomføring av økter
- Eiga trenarrolle
Ingen spesielle krav til forkunnskapar og ingen kurseksamen.
Enkel e-læringsmodul i forkant av kurset.
Målgruppe:
- alle som ønskjer å trene barn i alderen 5–12 år
- aktivitetsleiarar i SFO, skular og barnehagar
- foreldre/føresette
- ungdom
Kursdeltakar skal ha fylt 15 år det året dei tek kurset.
Tid: | Fredag 2. september kl 1730-2100 Laurdag 3. september kl 0900 – 1530 |
Stad: | Trudvang skule, Sogndal |
Kurslærar: | Synne Aafedt Liljedahl, Sogn og Fjordane idrettskrins |
Kursavgift: | Kr 600 pr. deltakar (kr 300 for ungdom under 19 år) + kr 250 for materiell |
Påmeldingsfrist: | 26. august |
Påmelding: | Trykk her for påmelding med questback |
Kontaktinfo: | Sogn og Fjordane idrettskrins v/Ingrid Narum Tlf.: 918 00 611 E-post: ingrid.narum@idrettsforbundet.no |