Det vert dugnad på bana 31.oktober. Førebels tidspunkt er kl.10.00, me ventar at mykje er gjort på 3 timar.
Det er litt forskjellig som skal gjerast. Det handlar om å gjere anlegget klart for vinteren. Nils Magne og Jørgen er kontaktpersonar for dugnaden.
Me skal:
- Fordeling av grus på sørside
- Opprydding og vassvegar under klubbhus
- Stenging av veg inn til bana
- Flytting av fresemassar, evt utlegging om me har eit område som er klart
- Sandhaug ved snuplass utanfor bana
Så grapse, spade, rake, kost er gode reiskapar. Om nokon har ei trillebår er det fint også.
Dei som har anledning til å stille, kan melde seg til Jørgen, jorgen.eikenes@disfva.no
Kan elles opplyse om at dugnaden med rulleplenen sparte Syril for 230 000 kr! Ikkje dårleg for ei helg med dugnad.