Valnemnda si oppgåve er å finne frivillige som kan ta på seg ulike oppgåver i Syril for 2020. Mange tek attval, men nokon må erstattast. Valnemnda har jobba aktivt med å rekruttera, men lista over moglege kandidatar er no tom. Vi treng di hjelp til å finne personar som er villig til å ta på seg ei av desse rollene i Syril:
- Leiar for friidrettgruppa
- Leiar for skigruppa
- Leiar for barnegruppa
- Medlem i styret til Skihytta
Leiar er ei nøkkelrolle. Syril ønskjer å tilby eit variert tilbod. For å få det til er vi avhengig av at nokon vil ta på seg verv som leiar.
- Kan du tenkje deg å ta ei av utfordringane/rollane over?
Ein av revisorane gir seg, men den andre blir med vidare slik at kontinuiteten blir ivareteken.
- Har du lyst til å vere med å revidere rekneskapen til Syril?
Meld deg til teneste eller send framlegg på kandidatar til arild@bjrk.no, telefon 95206049.