Bok på Hest!

23.07.16 er det reetablert post på Hest, ein god times til halvannan gange nord om Mælen eller Dalsbotnen. Posten inngår ikkje i trimprogrammet og har inga klyppetang. Vi får sjå om Hest kjem med på trimprogrammet eit seinare år. Inntil vidare er dette ekstra trim.

Turen kan inngå som del av ein lenger tur: Frå Engjasete via Hest til sørspissen av Stav, ned Troeggi til Vassvarden, for å enda opp på Hella.

 

Sevi – Kjeringafjell

sevi-kjeringafjell

Frå sælet på Sevi er det merka sti til Kjeringafjell med stikker og raude merker på steinar.

Frå sælet fører merka deg til den gamle foringsplassen. Starten på stien, eller rettare sagt dyretrakket som skråar opp lia, er merka med ei stikke like forbi plassen. Stien er grei å følgje, men litt oppi deler han seg. Her har eg plassert ei stikke på det brattaste alternativet som tek deg opp til øvre Nuvedal. Om stikka i løpet av åra skulle verte vekke, er tipset alltid å følje skilje som går opp.

Når du er komen opp i øvre Nuvedalen, har eg sett ei stikke som markerer rett sti/alternativ å gå ned att. Det er fleire dyretrakk her som ein kan ta feil av når ein er på veg ned til Sevi.

Eg kryssar Nuvedalen i botnen og går opp lia slik at eg endar opp ved a i Blankavatni. Sjå etter raude merker og stikker. Oppe på platået til Blankavatni er det merka med raudt til austlege ryggen av Kjeringafjell. Oppover ryggen finn du for det meste raude merke på steinar. Dyretrakka mellom er ellers til god hjelp. Om du ikkje treff merka heilt så er retningen uansett opp!

Trimpostkassen er festa på vestveggen av radiobua.

Kjeringafjell

Vil du vere trenar for damelaget i handball?

20151129 HBK002

Syril handball sitt damelag er på jakt etter ny trenar for komande sesong.

  • Me er ein sprudlande og inkluderande gjeng med jenter og damer frå ten- til førtiåra.
  • I sesongen trenar me 2 kveldar i veka, mest truleg tysdag og torsdag frå kl 2000 -2130.
  • Me håpar verkeleg å få på plass ein trenar som er klar for å dra i gang med oppkøyringa når hallen opnar 1.august.

Har du lyst til å vere ein del av denne flotte gjengen?

Ta kontakt med Pia Hickman (piahickman@msn.com) for meir informasjon eller ein overbevisande prat!

Pia

Aktitetsleiarkurs – barneidrett

2. – 3. september i Sogndal

Kurset gir grunnleggande kunnskap om korleis idrettsaktivitet for barn opp til 12 år skal bli lagt til rette og leia, slik at barna opplever glede, tryggleik og mestring. Dette kurset er generelt og går på tvers av alle særidrettar.

Kurset er prega av aktivitet og tema som:

  • Idretten sitt verdigrunnlag
  • Idrettens barnerettigheiter og Bestemmelsar om barneidrett
  • Barn si utvikling og aldersrelatert trening
  • Organisering og tilrettelegging av hensiktsmessig aktivitet – praktisk gjennomføring av økter
  • Eiga trenarrolle

Ingen spesielle krav til forkunnskapar og ingen kurseksamen.
Enkel e-læringsmodul i forkant av kurset.

Målgruppe:

  • alle som ønskjer å trene barn i alderen 5–12 år
  • aktivitetsleiarar i SFO, skular og barnehagar
  • foreldre/føresette
  • ungdom

Kursdeltakar skal ha fylt 15 år det året dei tek kurset.

 Tid: Fredag 2. september kl 1730-2100
Laurdag 3. september kl 0900 – 1530
 Stad:  Trudvang skule, Sogndal
 Kurslærar:  Synne Aafedt Liljedahl, Sogn og Fjordane idrettskrins
 Kursavgift:  Kr 600 pr. deltakar (kr 300 for ungdom under 19 år) + kr 250 for materiell
 Påmeldingsfrist:  26. august
 Påmelding: Trykk her for påmelding med questback
Kontaktinfo: Sogn og Fjordane idrettskrins v/Ingrid Narum
Tlf.: 918 00 611
E-post: ingrid.narum@idrettsforbundet.no

 

NM veteran handball

NM Veteran 2016Syril har ein gjeng som har lyst å delta på NM veteran handball med eit damelag. Meisterskapet er siste helga i oktober, 28. – 30.10.2016, i Trondheim. Ein må ha fylt 35 år for å delta, og det er jo så klart ein fordel om ein har spelt litt handball før.

Ta kontakt med:

  • Mari Fykse – 971 37 337
  • Pia Hickman – 948 69 455

Syrilgutar hospiterar til Fjøra

A-laget til Syril tek no sommerferie og i den sammenheng så skal Stian Sælid Njøs og Anders Walaker hospitere til Fjøra FK i 2 veker. Det er kjekt for Syril at andre klubbar ønsker å sjå på spelarane våre og ikkje minst er det kjekt for gutane som skal inn og måle krefter på eit høgre nivå. Det er viktig for Syril som klubb og vise at hard jobbing gjev resultater. Og med denne kontakten som me har inn mot klubbane Fjøra, Sogndal og Kaupanger så ønsker me og legge til rette og åpner dører for dei som kvar veke jobber knallhardt for å bli bedre i fotball. Hospitering ut av klubb er viktig for å måle krefter på høgre nivå og for å måle seg med dei i samme årsklasse.
Jan Tore Slinde, Sportsleg leiar

Syrstrond Idrettslag