Stikkordarkiv: Norway Cup

Norway Cup 2022

Etter to år utan Norway Cup, stiller Syril fotball i år med 3 lag i Norway Cup, J14, G14 og G15/16.

To av laga våre reiser austover med buss. J14 reiser med vår eigen Syrilbuss og G14 reiser med lånt buss frå Vik IL.

Alle som har spelt fotball kan nok kjenne att følelsane det gir å reise til kamp eller cup med heile laget samla i felles buss.

Ein slik busstur kan vera med på å bygge samhald, gi fine opplevingar og å skape gode minner.

Vi vil difor rette ein stor takk til Vik IL for lån av buss. Samstundes vil vi gratulera Vik IL og G16 med eit fantastisk resultat i Dana-Cup.

Vi ynskjer våre lag lukke til under årets Norway Cup! 

Heia heia Syril!

PS! Syril G15/16 sine kampar blir strauma på direktesport.no

Måndag 1. august: kl. 19. Froland IL (G15/16) – Syril IL (G15/16) Bane 7 Ekeberg

Tysdag 2. august: kl. 17. Syril (G15/16) – Tertnes fotball herrer (G15/16) Bane 7 Ekeberg

Norway Cup 2016

Så var nok ei Norway Cup-veke over og Syril kan sjå tilbake på flotte opplevingar både på og utanfor fotball-løkka. Alle laga har hatt base på Haraldsheimen, Syril sin faste innkvarteringsstad.

haraldsheimen

Her har vaksne delt dagens opplevingar over kjøkengryter og kaffikoppar, medan ungdommane har samlast om bordtennis, kortspel og fotball-leik. Tusenfryd, go cart, laserskyting og shopping er det også blitt tid til. Men først av alt er sjølvsagt veka full av fotball!

Alle laga var i aksjon til onsdag kveld, då måtte småjentelaget gje tapt i 16-dels finalen, A-sluttspelet mot Skodje IL som seinare kom til finalen og vann sølv.

NC Syril J13-14.jpg

Smågutane fekk med seg enno ein kamp, men torsdag morgon rauk dei ut mot laget som seinare blei vinnaren av B-sluttspelet, Løvenstad 2.

NC Syril G14

Jenter 15/16 stilte lag i 11-ar serien i år og spelte seg til ein flott kvartfinaleplass. Her stogga cupeventyret for denne gongen, mot vinnaren av finalen, Langfjorden FK!

NC J15-16

Den store overraskinga stod juniorjentene for, eit lag som var sett saman for cupen spesielt. Med god hjelp av SIL-spelarane Vibeke Solheim og Trude Kveane spelte laget seg til puljevinner i klasse 17/19 år, og gjekk direkte til kvartfinale. Der slo dei ut kanadiske Yukon Selects, men gjekk i semifinalen på tap i straffesparkkonkurranse mot sølvvinnar Trygg/Lade

NC Syril J17-19

Likevel: Ei flott oppleving, som vi håpar ga meirsmak til meir fotball framover 😊

Takk for i år, Norway Cup!

Syrillaga på Norway Cup

 

Då har alle laga til Syril vore igjennom gruppespelet. J 14 vann gruppa si, og skal spele 1/16 finale i dag kl. 15.40. G 14 vart nr. 3 i gruppa si, og skal spele 1/16 finale i dag kl. 11.40 i B-sluttspelet. J 16 har og vunne gruppa si, og skal spele 1/32 finale i dag kl.13.15. J 17/18/19 har vunne gruppa si, og skal spele 1/4 finale i morgon kl.12.45