Frå sælet på Sevi er det merka sti til Kjeringafjell med stikker og raude merker på steinar.
Frå sælet fører merka deg til den gamle foringsplassen. Starten på stien, eller rettare sagt dyretrakket som skråar opp lia, er merka med ei stikke like forbi plassen. Stien er grei å følgje, men litt oppi deler han seg. Her har eg plassert ei stikke på det brattaste alternativet som tek deg opp til øvre Nuvedal. Om stikka i løpet av åra skulle verte vekke, er tipset alltid å følje skilje som går opp.
Når du er komen opp i øvre Nuvedalen, har eg sett ei stikke som markerer rett sti/alternativ å gå ned att. Det er fleire dyretrakk her som ein kan ta feil av når ein er på veg ned til Sevi.
Eg kryssar Nuvedalen i botnen og går opp lia slik at eg endar opp ved a i Blankavatni. Sjå etter raude merker og stikker. Oppe på platået til Blankavatni er det merka med raudt til austlege ryggen av Kjeringafjell. Oppover ryggen finn du for det meste raude merke på steinar. Dyretrakka mellom er ellers til god hjelp. Om du ikkje treff merka heilt så er retningen uansett opp!
Trimpostkassen er festa på vestveggen av radiobua.