Klubbdommarkurs i Syril

Fredag 2. juni arrangerte Syril klubbdommarkurs. 10 kjekke og lydhøyrde ungdommar brukte fredagskvelden til å ta 1. trinn i dommarutdanninga. Ein klubbdommar vil etter gjennomført kurs vere kvalifisert for å dømme 7-ar og 5-ar fotball, primært i barnefotballen (6 til 12 år) i eigen klubb.

Tusen takk til kurshaldar Marianne Laugerud frå NFF Sogn og Fjordane. Marianne er ein erfaren dommar som har dømt både for 1. divisjon damer og 3. divsjon menn.

20170602 Klubbdommarkurs
Kursdeltakarar: Amund Vikdal, Matias Vikdal, Espen Hickman, Gøran Njøs, Synnøve Fosshagen, Snit Ogbai, Kine Stokkenes, Sindre Thue, Runa Vangsnes og Nora Henjesand.

 

Syril senior vann igjen!

Syril vann nok ein kamp i 5. divisjon i kveld. Det vart ein fortent 2-1 seier over Balestrand, dette varma publikum på ein kald kveld. Det var ein jamn kamp som det unge Syril-laget kjempa til sin fordel.

Det skal verta moro å følgja dei utover sesongen, er heilt sikker på at alle desse unggutane vil utvikle seg vidare og gje oss mange fine kamper på banao framover.

Sportsleg leiar

Syril fotball

Klubbdommarkurs

Kurset vert helde fredag 2. juni kl. 18 – 20.30 på barneskulen.

Det er miniputturnering på Syril stadion sundag 11. juni – håpar dei som tek kurset kan dømme på den.

Dei som vil delta på kurset må svare innan laurdag 20. mai til lagleiar.

Treng og å vite om ein kan dømme på turneringa eller ikkje

Når ein har fullført klubbdommerkurset, kan ein dømme 5’ar og 7’ar kamper opp t.o.m 12 år. 

Du må vere fødd i 2003 eller før for å delta.

Søndag var det stor aktivitet på stadion

Søndag var det stor aktivitet på fotballbana og Syril innvia det nye driftsbygget

IMG_1744Syril deltek i fotballkretsen sitt prosjekt «Jenter på bana». Målsettinga med prosjektet er mellom anna å rekruttere fleire jenter og behalde jentespelarar lengre.Søndag 23.4. arrangerte Syril i samarbeid med kretsen fotballdag for dei yngste jentene med øvingar, ballkonkurransar og mini-turnering 3-ar spel, sjølvsagt god servering og musikk frå det nye driftsbygget. Seinare på dagen var det klart for seniorkamp mellom Syril og Sandane, der Syril sikra seg 3 poeng.

Leiaren i Syril, Per Hauge takka for alle bidrag som har gjort at vi kan ta i bruk nytt driftsbygg. Syril takkar næringslivet for gode bidrag til driftsbygget: Leikanger mur og flis, Skoge Bygg, Jatak Kaupanger, Sogn Røyr, Solberg elservice, Coop byggmix, Erling Røysum AS. Også ein takk til Leikanger kommune for eit godt samarbeid.

Syril er avhengig av dugnadsinnsats for å holde stor aktivitet og gje mange eit kjekt tilbod, og for å realisere eit slikt bygg. Mange har stilt opp på dugnadane, og det er vanskeleg å liste opp alle. Leiaren i Syril trekte fram 4 representantar for den gode dugnadsånda som har gått i bresjen for arbeidet: Nils Magne Slinde, Tore Stølen, Lars Ivar Menes og Lene Slinde.

FullSizeRender

Video av turen

action camSyril trim har ei lita utfording til ungdomar eller vaksne, unge til sinns.

  • Vil du hjelpe oss å lage små korte «time lapse»-videoar av turen fram til turpostane.

Har du eit GoPro eller tilsvarande kamera, still det inn på å ta eitt bilete kvart sekund eller anna kvart sekund og gå turen. Det gir 3600 bilete eller 1800 bilete pr time. Set ein saman bileta til ein video med standard hastighet på 25 bilete pr sekund, blir det 144 eller 72 sekund med video for kvar time tur. Ferdig video vert lagt på Youtube og integrert på sidene til Syril. Redigering til video kan vi ordne, du leverer berre bileta!

  • Ta kontakt med Arild Bjørk (evt. tlf 95 20 60 49) om du vil vere med!

Motivasjonskveld for unge, nye og gamle trenarar

Onsdag 19. april kl. 18-20, 4. etg. i Saften

Syril Fotball ønskjer fleire unge, nye og «gamle» trenarar med, og inviterer alle til motivasjonskveld!

Saman med oss er Marius Kloster frå Sogndal Fotball og Sogn og Fjordane fotballkrets. Marius er trenar- og spelarutviklar, og fagansvarleg for barnefotball. På motivasjonskvelden snakkar Marius bl.a om «Å skape gode opplevingar» og «Klubbtilhøyrsle». Syril Fotball fortel også kort om prosjektet «Alle jenter på bana» og fotballdag for jenter, 23.april.

Vi håpar at dagens trenarar og ikkje minst unge, nye og kanskje framtidige Syril-trenarar blir med! Motivasjonskvelden er også open for andre interesserte.

Frukt – Bollar – Kaffi -Te

Velkommen!
Syril Fotball
«Alle jenter på bana» og Sporsleg utval

Trenarforum med Nils Tore Krosshaug

Måndag 3.04.17 var eit tjuetals engasjerte trenarar med på Trenarforum i Syril fotball.

Nils Tore Krosshaug fortalte korleis ein trener alderbestemte i Sogndal, og
ikkje minst kvifor dei gjer det. To stikkord var:

  • høg intensitet og
  • mykje ballberøring

Men elles kom Nils Tore med mange godt tips til våre trenarar.

Handballturnering for dei minste

Sundag 2. april var 60 born mellom 6 og 8 år samla i Leikangerhallen for sin aller første turnering. Ungane frå Syril starta med handball i januar og har trent ein gong i veka sidan då. Endeleg fekk dei spele skikkelege kampar!

8-åringane fekk besøk av tre lag frå Sogndal og fekk spele to kampar kvar mot flinke gutar og jenter frå naboklubben. Sogndal hadde ikkje lag å stille med i dei to yngste klassane, så her vart det spelt interne kampar. Desse laga fekk òg to kampar kvar.

Alle Syril-laga hadde med seg eigne trenarar som gjorde ein fenomenal jobb på sidelinja (og litt inne på bana :)) Ungdommane som utgjer trenarkreftene på desse tre kulla har vore med sidan oppstart, og er i alderen frå 13 til 17 år. På turneringa steppa dei i tillegg inn som dommarar.

Alle spelarane fekk utdelt velfortente premiar til å sette heime på hylla. Syril handball takkar foreldre og andre som stilte opp på dugnad, alle som heia frå tribuna og ikkje minst alle trenarane. Håpar me kan få til ein liknande turnering neste sesong.

Syrstrond Idrettslag