Handballturnering for dei minste

Sundag 2. april var 60 born mellom 6 og 8 år samla i Leikangerhallen for sin aller første turnering. Ungane frå Syril starta med handball i januar og har trent ein gong i veka sidan då. Endeleg fekk dei spele skikkelege kampar!

8-åringane fekk besøk av tre lag frå Sogndal og fekk spele to kampar kvar mot flinke gutar og jenter frå naboklubben. Sogndal hadde ikkje lag å stille med i dei to yngste klassane, så her vart det spelt interne kampar. Desse laga fekk òg to kampar kvar.

Alle Syril-laga hadde med seg eigne trenarar som gjorde ein fenomenal jobb på sidelinja (og litt inne på bana :)) Ungdommane som utgjer trenarkreftene på desse tre kulla har vore med sidan oppstart, og er i alderen frå 13 til 17 år. På turneringa steppa dei i tillegg inn som dommarar.

Alle spelarane fekk utdelt velfortente premiar til å sette heime på hylla. Syril handball takkar foreldre og andre som stilte opp på dugnad, alle som heia frå tribuna og ikkje minst alle trenarane. Håpar me kan få til ein liknande turnering neste sesong.