Søndag var det stor aktivitet på fotballbana og Syril innvia det nye driftsbygget
Syril deltek i fotballkretsen sitt prosjekt «Jenter på bana». Målsettinga med prosjektet er mellom anna å rekruttere fleire jenter og behalde jentespelarar lengre.Søndag 23.4. arrangerte Syril i samarbeid med kretsen fotballdag for dei yngste jentene med øvingar, ballkonkurransar og mini-turnering 3-ar spel, sjølvsagt god servering og musikk frå det nye driftsbygget. Seinare på dagen var det klart for seniorkamp mellom Syril og Sandane, der Syril sikra seg 3 poeng.
Leiaren i Syril, Per Hauge takka for alle bidrag som har gjort at vi kan ta i bruk nytt driftsbygg. Syril takkar næringslivet for gode bidrag til driftsbygget: Leikanger mur og flis, Skoge Bygg, Jatak Kaupanger, Sogn Røyr, Solberg elservice, Coop byggmix, Erling Røysum AS. Også ein takk til Leikanger kommune for eit godt samarbeid.
Syril er avhengig av dugnadsinnsats for å holde stor aktivitet og gje mange eit kjekt tilbod, og for å realisere eit slikt bygg. Mange har stilt opp på dugnadane, og det er vanskeleg å liste opp alle. Leiaren i Syril trekte fram 4 representantar for den gode dugnadsånda som har gått i bresjen for arbeidet: Nils Magne Slinde, Tore Stølen, Lars Ivar Menes og Lene Slinde.