Stikkordarkiv: Trening

Utvida treningstilbod

Laurdag føremiddag hadde Marius ei ekstra treningsøkt for jenter og gutar i alderen 13 til 17 år. Det var 16 ivrige og lydhøyre jenter og gutar som deltok i ei 1,5 t økt, kjempebra! Dette er noko vi vil gjennomføra fleire gonger. Neste økt er allereie førstkomande laurdag.

20170610-00120170610-002

Motivasjonskveld for unge, nye og gamle trenarar

Onsdag 19. april kl. 18-20, 4. etg. i Saften

Syril Fotball ønskjer fleire unge, nye og «gamle» trenarar med, og inviterer alle til motivasjonskveld!

Saman med oss er Marius Kloster frå Sogndal Fotball og Sogn og Fjordane fotballkrets. Marius er trenar- og spelarutviklar, og fagansvarleg for barnefotball. På motivasjonskvelden snakkar Marius bl.a om «Å skape gode opplevingar» og «Klubbtilhøyrsle». Syril Fotball fortel også kort om prosjektet «Alle jenter på bana» og fotballdag for jenter, 23.april.

Vi håpar at dagens trenarar og ikkje minst unge, nye og kanskje framtidige Syril-trenarar blir med! Motivasjonskvelden er også open for andre interesserte.

Frukt – Bollar – Kaffi -Te

Velkommen!
Syril Fotball
«Alle jenter på bana» og Sporsleg utval

Friidrett starter opp

Friidretten starter opp med innetrening i Saften onsdag 18.01 kl. 18.

Treningen er for alle fra 10 år og oppover og som tidligere blir det mest vekt på spenst og hurtighet.

Vi planlegger å ha trening inne hver onsdag fremover til påske, med unntak av vinterferieuken.

Vel møtt!

Sone Sogn gutar f. 2003

Onsdag 30 mars skal Sone Sogn gutar f. 2003 ha trening på kunstgraset kl 17:00 – 18:30. (Halve bana)

Fra vår klubb stiller Gøran Njøs og Espen Hickman.

Oppfordrar trenarar/leiarar i klubben til og møte opp.

Flott muligheit til og følga våre eigne spelarar og treffa kollegaer.