Skikarusell på Kleppa 2018

Skikarusell 2016Skikarusellen på Kleppa startar 13. januar. Det er planlagt 6 renn i løpet av vinteren:

  1. Laurdag 13. januar kl. 13-14
  2. Laurdag 20. januar kl. 13-14
  3. Laurdag 3. februar kl. 13-14
  4. Laurdag 10. februar kl. 13-14
  5. Laurdag 3. mars kl. 13-14
  6. Laurdag 10. mars kl. 13-14  med premieutdeling/sesongavslutning kl. 14.30.

Deltakarane møter til start ved skihytta på Kleppa mellom dei oppgitte klokkesletta.

Skikarusellen er eit tilbod for born til og med 4. klasse. Startnummer, som gjeld alle karusellane, kostar 100 kroner og vert seld i skihytta når det er karusellrenn. Startnummeret skal brukast på alle renna, og leverast inn etter siste rennet. Dei som har kjøpt Kleppakort treng ikkje betale for deltaking på skikarusellen.

Fjellturar

Inntil to fjellturar til Øvstestølen kan telje med i karusellen. Det er lagt ut bok i varmebua. Vi tel med registreringar frå boka vart lagt ut og fram til og med 10. mars.

Premiering

Det blir gitt eitt poeng pr. karusellrenn/fjelltur. Det vert premiering for alle med 4 poeng eller meir. Det vert premieutdeling laurdag 10. mars.

Kleppakort

Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa ein vintersesong. Kortet dekkar slalombakken, skikarusellar og løypeavgift. De finn meir info her: https://syril.no/anlegg/kleppa/.

Medlemsavgift 2018

Ny sesong er i gang og alle som deltek på treningsaktivitetar i regi av Syril må betale medlemskap. Medlemsskap inkluderer følgjande forsikring. Informasjon om medlemsavgifta finn du alltid her: https://syril.no/idrettslaget/medlemsavgift/

FAMILIE 500
ENKELTMEDLEM 350
BARN UNDER 17 ÅR 250
  • Kontonummer: 3781 07 31029 eller VIPPS til 88235
  • Merk innbetalinga: Medlem <år> og namn på familiemedlemer

Det vert ikkje lagt eller sendt ut bankgiroar. Ta utskrift eller bilde av kvittering på betaling i nettbanken din. Kvitteringa på betalt medlemsavgift er ditt medlemskort!

Syril anonym kvittering

Opningstider i trekket

Vi gjer ei lita justering av opningstidene. Det betyr at du kan sove ein halv time lenger i helga 😉

Opningstider Frå Til
Tysdag (kveld) 18.00 20.30
Torsdag (kveld) 18.00 20.30
Laurdag 11.30 15.30
16.00 mars/april
Søndag  11.30 15.30
16.00 mars/april

Alle må retta seg etter skilt i bakken og respektere oppsette sperringar og andre sikringstiltak.

DET ER PÅBOD OM BRUK AV HJELM. (Gratis utlån også for vaksne)

Informasjon om Kleppa som inkluderer opningstider med meir finn du alltid her: Kleppa

Løypeavgift sesongen 2017/-18

Avgifta dekker drift- og vedlikeholdkostnader for trakkemaskiner, lysanlegg og løyper. Løypeavgifta kan anten betalast direkte på nettbank eller med kontantar i vaktbua/skitrekket. Minner om at løypeavgifta er inkludert i Kleppakortet.

Løypeavgift Kleppa kan betalast til Syril sin bankkonto 3781.07.31029 eller VIPPS til 88235 og merkast med namn og Løypeavgift.

Alder Pris
Småbarn 0-6 år Gratis
Person 600
Familie Alle i familien 900

Prisar i trekket vinteren 2017/-18

Kleppakort

Kleppakortet er eit universalkort, som dekker alle aktivitetar for heile familien (event. Barn/vaksen) på Kleppa ein vintersesong. Kortet dekkar slalombakken, skikarusellar og (lys)løypeavgift.

Kleppakortet er for sal i vaktbua kontant, eller kan betalast til bankkonto 3781.07.31029 eller med VIPPS til 88235 merka med Kleppakort og namn. Me oppmodar om at ein betaler via bank eller VIPPS.

  Barn 0-6 år Barn 7-15 4. klassing Vaksne Familie
Kleppakort Gratis 1 000 Gratis 1 000 2 500

Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20. Alle i familien vil få utskreve eige kort. Kort kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.

Dags-, kveldskort og enkel tur

  Barn 0-6 år Barn 7-15 4. klassing Vaksne Familie
Dagskort Gratis 120 Gratis 120 250
Kveldskort Gratis 70 Gratis 70 150
Enkel tur Gratis 20 Gratis 20 50

Betal kontant eller med VIPPS til 88235. Merk betalinga med DagskortKveldskort eller Tur.

Plastlommer til å festa kortet om armen er til sals i vaktbua for kr 20. Alle i familien vil få utskreve eige kort. Kort kan ikkje overdragast til andre. Alle må bera kortet synleg på høgre overarm.

Oppdaterte prisar vil ein alltid finne her: https://syril.no/anlegg/kleppa/

Resultat frå Klepparennet

Klasse og lengde Plass Tid Namn Idrettslag
J 9 år 1km Anna Felde Hasund Syril
J 11 år 2km 1 09:29 Rebekka Otternes Lundekvam Førde IL
J 13 år 3km 1 10:08 Synne Ophaug Røthe Voss IL
J 14 år 3km 1 09:34 Linnea Oppernes Lundekvam Førde IL
J 14 år 3km 2 09:58 Sigrid Orheim Mundal Sogndal IL
Klasse og lengde Plass Tid Namn Idrettslag
K 18 år 5 km 1 19:46 Maria Lund Kaupanger IL

Gut

Klasse og lengde Plass Tid Namn Idrettslag
G 8 år 1km Gunnar Tørnes Åtil
G 9 år 1km Andras Otternes Lundekvam Førde IL
G 9 år 1km Kristoffer Tørnes Åtil
G 10 år 1km Elias Ophaug Røthe Bjørgum IL
G 10 år 1km Vebjørn Orheim Mundal Sogndal IL
G 11 år 2km 1 08:27 Sivert Høyum Førde IL
G 11 år 2km 2 08:55 Vetle Haram Malterud Førde IL
G 12 år 2km 1 08:32 Niklas Bosdal Thorsen Førde IL
G 13 år 3km 1 09:45 Magnus Furnes Degnepoll Førde IL
G 13 år 3km 1 DNS Jørgen Sekse Hafslo IL
G 14 år 3km 1 09:14 Ådne Gauteplass Lie IL Bjørn
G 14 år 3km 2 09:34 Are Gauteplass Lie IL Bjørn
G 15 år 5km 1 17:24 Gard Reppen Vigdal Jotun IL
G 15 år 5km 2 19:15 Olaus Orheim Mundal Sogndal IL
G 16 år 5km 1 16:03 Thristan Engebø Ullebø Førde IL
G 16 år 5km 2 16:09 Oliver Bosdal Thorsen Førde IL
G 16 år 5km 3 16:12 Hjalmar Michelsen Syril IL
G 16 år 5km 4 16:19 Ivar Nistad Gaular IL
G 16 år 5km DNF Martinius Ophaug Røthe Voss IL
Klasse og lengde Plass Tid Namn Idrettslag
M 17 år 10 km 1 36:48 Vegard Eikevik Sogndal IL
M 18 år 10 km 1 33:41 Lars Øvrebø Gaular IL
M 18 år 10 km 2 33:50 Even Nesgård Fjellhug Vereide
M 18 år 10 km 3 34:56 Trygve Brendehaug Syril IL
M 19/20 år 10 km 1 34:26 Andreas Mjelstad Syril IL
M senior 10 km 1 30:17 Adrian Helgheim Førde IL

Innbyding førjulsrenn

17. desember 2017, kl. 13
Stad: Kleppa på Leikanger
Stilart: Klassisk (intervallstart)

Klasse Distanse
G og J 8-10 år 1 km
G og J 11-12 år 2 km
G og J 13-14 år 3 km
G og J 15-16 år 5 km
K 17 og eldre 5 km
M 17 og eldre 10 km

Innkreving av vanleg deltakaravgift vert sendt klubbane etter rennet.

Start etter alder, dei yngste først.

Arrangøren og skikrinsen oppfordrar til at arrangementet er fluorfritt.

Garderobe tilgjengeleg

Kiosk

Premieutdeling rett etter rennet.

Påmelding: http://www.skiforbundet.no/sogn‐og‐fjordane

Eller til: nmslinde@frisurf.no

Frist for påmelding: 15. desember

Velkomen til ein fin skidag på Kleppa!

Syrstrond Idrettslag