Norway Cup 2022

Etter to år utan Norway Cup, stiller Syril fotball i år med 3 lag i Norway Cup, J14, G14 og G15/16.

To av laga våre reiser austover med buss. J14 reiser med vår eigen Syrilbuss og G14 reiser med lånt buss frå Vik IL.

Alle som har spelt fotball kan nok kjenne att følelsane det gir å reise til kamp eller cup med heile laget samla i felles buss.

Ein slik busstur kan vera med på å bygge samhald, gi fine opplevingar og å skape gode minner.

Vi vil difor rette ein stor takk til Vik IL for lån av buss. Samstundes vil vi gratulera Vik IL og G16 med eit fantastisk resultat i Dana-Cup.

Vi ynskjer våre lag lukke til under årets Norway Cup! 

Heia heia Syril!

PS! Syril G15/16 sine kampar blir strauma på direktesport.no

Måndag 1. august: kl. 19. Froland IL (G15/16) – Syril IL (G15/16) Bane 7 Ekeberg

Tysdag 2. august: kl. 17. Syril (G15/16) – Tertnes fotball herrer (G15/16) Bane 7 Ekeberg

Opningsstemne friidrett Syril stadion

Opning/innviing av bana ved ordførar Arnstein Menes ved stemnestart.

friidrett.no ligg komplett resultatliste, og på den elektroniske statistikken finn du plasseringa på utøvarar frå Syril fom. 13 år og klubbstatistikk. På OpenTrack-sida til stemnet ligg det og resultat.

Vi er imponert og ydmyk over at vi fekk 90 deltakarar til det første stemnet i Syril-regi på mange år!

Hugs lisens for utøvarar frå 13 år og oppover. Ingen startkontingent.

Garderobar/WC på Leikanger barneskule.
Parkering vest/nord for stadion og aust for barneskulen.
Kiosk med mykje godt i speakerbua😉

For 1. – 4. klasse er det viktig at foreldre stiller opp og hjelper til med å sende ungane vidare frå øving til øving, kanskje vere funksjonærar ved behov og måle resultat og skrive det på startnr.😊

Spørsmål om stemnet? Ta kontakt på Syril friidrett på Facebook eller jeopard@hotmail.com.

Med sportsleg helsing

Syril IL friidrett

Friidrettstrening 1. – 3. klasse

Frå og med tysdag 26.4 har Syril friidrett friidrettstrening for 1. – 3. klasse kl. 17:00 – 18:00. Treninga er på nye stadion. Det blir fokus på leik og utprøving av ulike friidrettsøvingar. Håpar mange vil vere med!😊
– hovudansvarleg: Stine Mundal Aase
– tilbodet gjeld kvar tysdag fram til skuleferien

Sitteunderlag til utlån i Syrilkiosken

Brukarane på dagsenteret har strikka sitteunderlaga til utlån for tilskoderane på Syril stadion. Sitteunderlaga ligg i Syrilkiosken. Dei som låner dei må levera dei inn etter bruk. Sitteunderlaga tåler ikkje å ligge ute i regn og snø. 

Om nokon vil støtta oss kan dei gi oss eit bidrag i sparebøssa merka: “Dagsenteret”. 

Syril fotball takkar brukarane på dagsenteret for gåva, og håpar mange nyttar seg av dei, og gir bidrag til innkjøp av meir garn.

Trimkort 2022

Trimkorta er klare for sal, og straks på plass i butikkane

De kan kjøpe trimkort hjå Erling Røysum og Små Livsgleder. Same pris som før: kr. 50,- for trim-30 kort og kr. 100,- for trimkort turpostar. De kan betale kontant eller med vipps (til 88235). Om de betalar med vipps så husk å merke betalinga med «Trim» slik at inntekta går til trimgruppa. Generelt så oppmodar vi flest mogeleg om å betale med vipps.

Torill har og trimkort heime hjå seg som det er mogeleg å få kjøpt. Ta gjerne kontakt på førehand:

Torill: tlf. 97140861, Sjurli 7

Dersom de kjem til «våte» bøker eller «utskrivne» bøker så vil vi gjerne ha tilbakemelding om det, slik at vi kan få lagt ut nye bøker der det trengst.

Takk for fine foto-bidrag! Det er Bjørn Carlsen og Sigbjørn Råsberg som har levert bilda vi har brukt på trimkorta. Evelyn Saltnes Slinde har teke bildet som er brukt på innlegget her.

Til slutt vil vi takke sponsorane våre, Sogn Røyr AS og Byggmeister Langeteig & Volldal, for at de støttar trimgruppa sitt arbeid!

God trimsesong til alle!

Helsing oss i trimgruppa: Ingar Hals, Elianne Eggum, Renate Sæle og Torill Felde

Syrstrond Idrettslag