Tine fotballskule 2021

tfs logo

Syril Fotball, i samarbeid med TINE, arrangerer fotballskule for alle born fødd frå og med 2009 til og med 2013. Fotballskulen startar måndag 9. august og varer til og med torsdag 12. august. Det er fotballskule frå kl 10.00 til 14.00. Drikke og frukt vert servert, ta med matpakke og ekstra drikke. Alle deltakarar får utdelt profilprodukt frå TINE første dagen, og fotballskulen vert avslutta med grilling (verforbehold) og utdeling av diplom den 12. august.

Syril fotball står for den praktiske gjennomføringa, fotballspelarane vil bli delte inn i grupper etter alder og vil derfor vere saman med andre på same klassetrinn. Me håpar og at me får til eigne keeperøkter.

Deltakaravgifta er sett til kr 800 per deltakar, men med reduksjon til kr 450 for barn nummer to (eller fleire) i same familie (søskenmoderasjon). Bindande påmelding, med innbetaling av deltakaravgifta til konto 3781 14 13101 seinast 1. august 2021.

Hugs å skrive på deltakarinformasjonen (namn og årskull)! Det er også viktig at de som foreldre skriv på telefonnummer slik at me kan nå dykk om det er naudsynt.

Me ynskjer alle velkomne til å bruke dei siste dagane av skuleferien til å spele fotball i lag med mange andre fotballvener.

Med helsing
Fotballgruppa i SYRIL
v/Steinar Røysum 901 45 370, Erlend Husabø 980 36 644