Minner om Camp Stavsete 2022
- Laurdag 2. april: Sognefjordrennet
- Søndag 3. april: Guida fjellturar med fjordpanorama
Her blir det skidagar for ALLE – og alle typar utstyr. Skileik og gratis grilling m.m.
Mvh
Egil Johannes Vangsnes
Syril telemark
Minner om Camp Stavsete 2022
Her blir det skidagar for ALLE – og alle typar utstyr. Skileik og gratis grilling m.m.
Mvh
Egil Johannes Vangsnes
Syril telemark
Arrangementa går som planlagt, og vert gjennomført etter samråd med smittevernlege.
I dag, som i går, vart ein veldig god dag for Syril og Luster sine telemark-køyrarar. Dagens disiplin var Paralell.
Øyvind vann NM-bronse etter sterk køyring og Sara tok sin andre gullmedalje for helga i aldersbestemt 15 – 16 års klassen.
Lustringane Andrea Fiskaa Haugen vant NM gull for jenter junior og Eirin Fiskaa Haugen tok ein flott 4. plass.
Alt i alt i svært god helg for Sogningane!
Fin fin start for Telemark-køyrarane frå Syril i NM og hovudlandsrenn denne helga i Asker.
Bronse til Øyvind Vagstad i ein meget sterk senior klasse og førsteplass til Sara Felde Liljedal i 15-16 års-klassen. Dagens øvelse var sprint.
I morgon er det parallell med nye moglegheiter.
Flotte prestasjonar av Syril i Telemark NC og NM helg på Bjorli 14. og 15. januar.
NC sprint, laurdag 14. januar:
NM klassisk, søndag 15. januar:
Hovudlandsrenn klassisk, søndag 15. januar:
Skiforbundet melder at Syril får med 2 deltakarar til WC og junior-VM i Frankrike.
WC og junior-VM Frankrike
Øyvind Vagstad, Syril IL
Amund Møster Haugen, Fjellguten Skilag
Sondre Støve, Åndalsnes IF
Kristian Lauvik Gjelstad, Morgedal IL
Mikkel Nygaard Løken, Bækkelaget SK
Erik Kvernberg, Eidsvågen IL
Guro Kjølseth, Nordre Land IL
Gøril Strøm Eriksen, Bækkelaget SK
Julie Dahle, Åndalsnes IF
Mari Felde Liljedal, Syril IL
Intervju med våre representantar finn du hjå NRK Sogn og Fjordane.
Helga 16 og 17.1 var det NorgesCup Telemark på Sogn Skisenter. Syril gjorde god figur. Mari Felde Liljedal tok sigeren i NC Telemark Klassisk i klassen kvinner, junior (17-21 år).
Ei oppsummering av helga finn du på sidene til Skiforbundet under telemark.
Fullstendige resultatlister finn du her:
Trakkemaskina var ute tidleg 26.12 og køyrde opp løyper på Kleppa, Øvstestølen og opp til Kalbakk. Fleire rapportar om glimrande forhold på Øvstestølen og godt med snø oppi.
Det berre å finne fram bortover- eller toppturskia og kome seg ut før mildveret set inn. Det kan bli noko vindigt dei komande dagane. Hugs tilstrekkeleg med klede og gjerne noko varmt i termosen.
PS! Det er ikkje nok snø i slalombakken. Trekket går ikkje.