Informasjon om medlemskap og medlemsavgift for 2021 finn ein her:
Medlemsavgift
Informasjon om medlemskap og medlemsavgift for 2021 finn ein her:
Medlemsavgift
Salet av julekalendaren er rett rundt hjørnet!
Det vert sal av julekalendar i Saften kl. 15.30 – 17.30 mandag til fredag i veke 48. I tillegg vil du få kjøpt kalendaren heile laurdag 21.november, og dersom det er att, laurdag 28.november.
Det vil og vere mogeleg å få kjøpt kalendaren hjå Erling Røysum AS og på Gartneriet.
Merk: Kun vipps – betaling!
Løp og kjøp 🙂
Det vert kalla inn til årsmøte i Syril 8.juni kl 19.00 i Tingsalen.
Vanlege årsmøtesaker.
Syril
Per Hauge
leiar
90 86 58 33
Årsmøte i Syril vert UTSETT på ubestemt tid. Dette på grunn av tilbakemeldingar frå medlemmar som ynskjer møta, men ikkje kan pga karantene.
Årsmøte i Syril måndag 16.mars kl.19.00 i Saften, møterom 4. etasje.
Vanlege årsmøtesaker.
Syril
Per Hauge
leiar
90 86 58 33
Minner om betaling av medlemsavgift for 2020.
Informasjon om medlemskap og prisar for 2020 finn ein her: https://syril.no/idrettslaget/medlemsavgift/
Valnemnda si oppgåve er å finne frivillige som kan ta på seg ulike oppgåver i Syril for 2020. Mange tek attval, men nokon må erstattast. Valnemnda har jobba aktivt med å rekruttera, men lista over moglege kandidatar er no tom. Vi treng di hjelp til å finne personar som er villig til å ta på seg ei av desse rollene i Syril:
Leiar er ei nøkkelrolle. Syril ønskjer å tilby eit variert tilbod. For å få det til er vi avhengig av at nokon vil ta på seg verv som leiar.
Ein av revisorane gir seg, men den andre blir med vidare slik at kontinuiteten blir ivareteken.
Meld deg til teneste eller send framlegg på kandidatar til arild@bjrk.no, telefon 95206049.
Minner om betaling av medlemsavgift for 2020.
Informasjon om medlemskap og prisar for 2020 finn ein her: https://syril.no/idrettslaget/medlemsavgift/
Nytt år og ny innbetaling av medlemsavgift.
Alle som deltek på treningsaktivitetar i regi av Syril må betale medlemskap til Syril i tillegg til treningsavgift innan særidrettane.
Informasjon om medlemskap og prisar for 2020 finn ein her. https://syril.no/idrettslaget/medlemsavgift/
Laurdag 19. oktober var det kamphelg og Rosa sløyfe-arrangement i Leikangerhallen. Det var kampar frå kl 13-18, loddsal med premiar og gjettekonkurranse. Alt av overskot frå kiosk og loddsal gjekk uavkorta til Rosa sløyfe-aksjonen.
Vi fekk totalt inn nesten 8300 kr den dagen, og vil gjerne få takke alle som kom innom og bidrog til aksjonen!!
Vi hadde også arrangert byttedag av treningsklede/utstyr den dagen, men det kom litt i skuggen av alt det andre. Vi kjem difor til å arrangere ein eigen byttedag seinare i år / tidleg neste år. Følg med!