Laurdag 19. oktober var det kamphelg og Rosa sløyfe-arrangement i Leikangerhallen. Det var kampar frå kl 13-18, loddsal med premiar og gjettekonkurranse. Alt av overskot frå kiosk og loddsal gjekk uavkorta til Rosa sløyfe-aksjonen.
Vi fekk totalt inn nesten 8300 kr den dagen, og vil gjerne få takke alle som kom innom og bidrog til aksjonen!!
Vi hadde også arrangert byttedag av treningsklede/utstyr den dagen, men det kom litt i skuggen av alt det andre. Vi kjem difor til å arrangere ein eigen byttedag seinare i år / tidleg neste år. Følg med!