Alle innlegg av Syril

975 700 526 IDRETTSLAGET SYRIL Forening/lag/innretning Eggjavegen 12 6863 LEIKANGER LEIKANGER

#FotballtrøyeFredag

I dag er det fotballtrøyefredag.

Kampanjen er ein årleg markering av Barnekreftforeningen sitt arbeid i kampen mot barnekreft. Dette kan du lese meir om her: #fotballtrøyefredag  

Syril nytta anledninga til å markere dette under kampen mellom Syril og Vik G13/14 torsdag kveld. Syril fotball donerer inntektene frå kiosksalet til Barnekreftforeningen sin kampanje.

Syril oppmodar alle i klubben om å støtte fotballtrøyefredag!

Vipps til 705404

Attgløymt skiutstyr på Kleppahytta

Skigruppa har gitt seg for sesongen og takkar alle for deltakelsen på arrangementa som har vore gjennom vinteren. Vi gledar oss til neste år, og håpar på gode snøforhold og aktive deltakarar!

Det betyr at skihytta er låst for sesongen, men ute på plattingen ligg det mykje skiutstyr. Noko av utstyret stammar nok frå KO, men om du saknar eit par skisko, så kan det hende det er der dei ligg.

Evalueringsmøte av Kjeringi Open 2023

Fyrstkommande torsdag, 27. april, blir det holdt evalueringsmøte av Kjeringi open, på Knausen kl. 20-2130. Det blir servert kaffi/te, og noko lite å bite i. Ope for alle!

Om du har tilbakemeldingar du ynskjer å formidle, men ikkje har anledning til å delta på møtet – kontakt den gruppeleiaren som rekrutterte deg, og få tilsendt eit spørjeskjema du kan svare ut. 🙂

Vel møtt!

Trimkort for 2023 rett rundt hjørnet!

Fyrstkommande fredag, 31. mars, er trimkorta er klare for sal!

De kan kjøpe trimkort hjå Erling Røysum og Små Livsgleder. Same pris som før: kr. 50,- for trim-30 kort og kr. 100,- for trimkort turpostar. De kan betale kontant eller med vipps (til 88235). Om de betalar med vipps så husk å merke betalinga med «Trim» slik at inntekta går til trimgruppa. Generelt så oppmodar vi flest mogeleg om å betale med vipps.

Dersom de kjem til øydelagde eller utskrivne bøker, så vil vi gjerne ha tilbakemelding om det, slik at vi kan få lagt ut nye bøker der det trengst.

Takk for fine foto-bidrag! Det er Bjørn Carlsen og Sigbjørn Råsberg som har levert bilda vi har brukt på trimkorta.

Til slutt vil vi takke sponsorane våre, Sogn Røyr AS og Byggmeister Langeteig & Volldal, for at de støttar trimgruppa sitt arbeid!

God trimsesong til alle!

Les meir om trimgruppa og turane her: https://syril.no/trim/

Helsing oss i trimgruppa: Eva Hamre (ny leiar), Ingar Hals og Renate Sæle

Årsmøtet i fotballgruppa

Syril | Syril

ÅRSMØTE TORSDAG 2. MARS
kl.19.00 i møterom 4.etasje Saften

Sakliste:

  1. Val av ordstyrar og sekretær, samt 2 som underskriv på referat
  2. Godkjenning av innkalling og saksliste
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap
  5. Saker; Forslag til revidert sportsplan, informasjon om inkluderingsfond, informasjon om vinterdrift, informasjon om verv
  6. Treningsavgift 2023
  7. Budsjett 2023
  8. Val

Velkomen!

Vel gjennomført skikarusell og Klepparenn!

Laurdag 4. februar var det mykje liv på Kleppa. Først på dagen var det skikarusell med om lag hundre ungar. Seinare på dagen var det tid for Klepparenn, og slik som i fjor så var det lagt opp til skicross.

Skicross er ei løype med meir nedoverbakkar enn oppoverbakkar. Det er laussnøkjøring, kuler, litt slalåm, hopp og kast på blink. Det var over tretti deltakarar frå 5-15 år. Flest deltakarar frå Syril, men og ein del som tok turen frå Sogndal.

Ein flott skidag!