Stikkordarkiv: akademi

Mini-akademi 2023

Syril fotball vil prøve å arrangere eit ekstra fotballtilbod nokre helgar gjennom sesongen om det er interesse for det.

Første helg vert 12.-13.mai. Tilbodet er retta mot jenter og gutar i alderen 11-15 år (f. 2012-2008).

For meir informasjon, klikk her.

Syril – akademiet

Syril fotball jobbar med å få på plass eit helgebasert fotballakademi nokre helgar utanfor ordinær sesong. Ein ser føre seg opplegg med økter fredag, laurdag og søndag, totalt 6 timar med gode fotballtreningar per helg.

Første helg er planlagt 9.-11.april, og er det interesse vil ein utvide tilbodet med helgeakademi også på sommar og haust.

Tilbodet er retta mot jenter og gutar i alderen 11-15 år (født 2010-2006) som er motiverte for å trena ekstra. Dette vil vere eit ekstra tilbod der ein kan få nye impulsar og utvikling leia av dyktige trenarar.

Syril stiller med:

  • Fleire engasjerte og dyktige trenarar
  • Gode økter tilpassa antall og nivå på spelarane

Alle deltakarar får gensar, og det vert servert drikke/frukt etter øktene. Påmeldingskost for deltaking er kr 500,-.

Syril trur og håpar det er interesse for eit slikt utvida tilbod i klubben, og det vil koma invitasjon til eit informasjonsmøte i starten av mars.

For å kartlegge litt interessa, så ynskjer me ei tilbakemelding (ikkje bindande) på kven som kan tenke seg å vere med på dette innan torsdag 18.februar til Steinar Røysum, s-roysum@frisurf.no, eller ei melding på tlfnr 90145370.