Syril kallar inn til «Før snøen kjem-dugnad» på Kleppa laurdag 17. og 24. oktober 2020

Vi har mykje å gjere på Kleppa for å gjere klar løype, bakke og skitrekket, så vi treng god bemanning begge dagar.

Send melding kva dag du stiller! Vi treng oversikt over kor mange som kjem og kva utstyr dei har for å planlegge dugnaden.

Dugnaden startar kl. 10:00 og varer til 15:00 begge dugnadsdagar.

Oppgåver

• Kutte tilvekst av vegetasjon i alpinbakke, trekktrace og lagrennsløype (det gror godt så vi treng mange til dette).

• Vedlikehald av grøfter i langrennsløypa.

Ta med:

• Matpakke og drikke (Vi samlast for mat i gapahuken kl. 12.30).

• Ryddesager, motorsager og handsager (vedsager og greinsaker). NB! Hugs verneutstyr.

• Hanskar, hørselsvern

Syril held miljøbensin til motorsag/ryddesag.

Vi treng mange ryddesager og 2-3 motorsager kvar dugnadsdag. Den som bruker eiga motorsag/ryddesag får den reparert for inntil kr. 1000,- om den havarerer under bruk på Kleppa.

For å ha kontroll på kapasitet/utstyr, ber vi alle gi melding om kva dag (ar) du kjem, og kva utstyr du tek med! Send melding til katrinerwilson@gmail.com

Bli gjerne med begge dagar.