Skihytta på Kleppa tilbyr i vinterhalvåret varmestove, garderobeanlegg og toalett. Under skikarusellane og Klepparennet vil det i tillegg vere open kafé på Skihytta.
Det er mogleg å låne eller leige Syril si hytte på Kleppa for bruk på dagtid og/ eller til overnatting. Bruk av hytta i regi av Syril er gratis, sjå elles prisliste under. Standarden er enkel og ryddig.

- Kjøkkenet er nyoppussa og har gryter, reiskapar og servise.
- WC (dame og herre) og dusj.
- Sovesal i underetasjen med 16 madrassar.
- Varmepumpe og god omn i stova.
- Sengetøy tek du med sjølv.
- Utleigar syter for dopapir, såpe og reingjeringsmiddel.
- Støvsugar, bøtter og mopp er tilgjengeleg i hytta.
- Du ryddar og vaskar etter deg og tar med søppel heim.
Prisliste:
| Leige-/ lånetakar | Pris |
| Bruk av hytta i regi av Syril (skikarusell, skirenn, Kjeringi Open o.l.) | Gratis |
| Bruk av hytta på dagtid for skule eller barnehage. Leigepris for gruppa, 1 dag | kr 500,- |
| Bruk av hytta på dagtid for private grupper. Leigepris for gruppa, 1 dag | kr 1000,- |
| Bruk av hytta på dagtid pluss overnatting for private grupper. Leigepris for gruppa, 1 dag + natt (gjeld og for utvask neste dag) | kr 1500,- |
| Overnatting for enkeltpersonar, Pr. person pr. natt | kr 250,- |
| Tilgang til hytta for større grupper; stove, WC/ dusj /kjøkken Gjeld for ikkje medlemmer av Syril. Dagspris pr gruppe. | Kr 500,- |
| Tilgang til hytta i skisesongen for enkeltpersonar og familie når hytta står open. Gjeld for medlemmer i Syril | Gratis |
Innbetaling av leige til Syril kontonummer 3781 07 31029. Merk innbetalinga med eige namn og “Leige av Kleppahytta”.
Retningslinjer for bruk/leige av Kleppahytta: