
Lagleiarane skal ta kontakt med dommaren minst 2 dagar før kamp og få bekrefta at vedkomande er klar for dømming. Kioskinstruks finn ein nederst på sida.
Dommarar
Kontaktperson dommarar : Birte Andersen Røysum – 906 00 678
Jarle Andersen | 918 12 763 |
Jan Arild Rømmen | 481 47 699 |
Gunvor Hamre Nornes | 907 99 108 |
Amalie Dimmen Henjum | 465 47 472 |
Sindre Stø Hobber | 958 60 890 |
Sarah G. Røysum | 915 86 799 |
Pia Krosshaug | 414 32 544 |
Vilde Sørum | 472 79 306 |
Oskar F. Kleiven | 405 24 582 |
Erlend H. Fardal | 954 43 141 |
Gard Chr. Stokkenes | 916 26 404 |
Andreas H. Barsnes | 947 99 353 |
Nickolas Fossberg | 468 59 303 |
Oline F. Kleiven | 483 60 425 |
Terminlister
Oppdaterte terminlister finn ein på fotball.no.
Syril-bussen
Reglar for bruk av bussen finn du her.
Køyring til bortekamp, når ein ikkje har bussen
For å bli sett opp til køyring må sjåføren vere fylt 21 år eller hatt sertifikat i 3 år. Satsar:
- kr 20, indre Sogn
- Kr 70, indre Sogn med ferje
- Kr 100, resten av fylket
Alle bør betale til lagleiar, som betalar ut igjen på vipps til sjåførane.
Om ein ikkje nyttar Syril-bussen er det mogleg å låne ferjekort til betaling for privatbilar. Avtale om henting av ferjekort gjer de med Knut Henning Walaker (mobil 477 51 760). Ferjekortet må returnerast til Walaker same dag.
Kioskinstruks 2019 (PDF)
Nøklane til kioskane må ein hente på Kiwi. Alle nøklane heng på same knippe.
Om det er fleire kampar same dag, så er det viktig at den som har første kampen hentar nøklane. Kvar kioskvakt må sjekke dette! Siste vakt har nøklane ned att på Kiwi!
- Ved aldersbestemt møter kioskvakt minst 30 min før kampstart.
- Ved seniorkampar møter kioskvakt minst 40 min før.
- Alle må bake ei platekake, eventuelt anna bakst. Det er vaffelrøre i kiosken som ein kan supplere med.
- Alle lag, både heimelag og bortelag, skal få frukt i pausen. Frukt finn de i kjølskapet og meir detaljert instruks heng i kiosken.
- Vi skal og selje frukt i kiosken. Dette må kuttast og setjast på grillspyd eller seljast i beger. Frukt er i kjøleskåpet, og grillspyd og beger står oppå microen. Sjå an publikum, og ikkje skjer opp alt for mykje. Lag eit par beger til å byrje med og sett fram på disken.
- Vi håpar på å avslutte brussalet. Då må dei som står i kiosken vere flinke til å blande saft og sette fram på disken.
- Vi sel ikkje sjokolade eller smågodt. Fast utval i kiosken vil då vere vatn, saft, brus, kaffi og kake/anna bakst. Meir info om vareutval er i kiosken.
- Golvet i kiosken skal vaskast med jamne mellomrom. Kven som skal gjere dette, får de frå lagleiar. Oversikt vil og vere i kiosken.
- Prisliste heng i kiosken.
- Rydd ordentleg opp att etter deg!!!
- Pengeskrinet står på øvste hylle i skap lengst til venstre. Pengar frå sal vert liggande i skrinet og vert henta av kioskansvarleg med jamne mellomrom. Pengar frå billettsal, billettar og lodd frå seniorkampar har eige skrin og Erlend Husabø styrer dette.
- Enkelte dagar, når det er mange kampar på bana eller ein forventar meir tilskodarar enn vanleg, kan utvalet i kiosken vera litt annleis. Dette kjem kioskansvarleg attende til nokre dagar før og vil sende ut informasjon til dei som må trø til litt ekstra.
- Ta kontakt dersom noko manglar eller de har spørsmål angåande kiosksalet.
Kioskansvarleg er Linda Fossberg, 992 91 713
Ansvarlege for frukt er Wenche Mary Strong, 950 76 390 og Gerd Ingrid Strong, 904 75 784
Vaktliste for kiosken finn du i kampoppsettet for sesongen.