
Syril Fotball skal, i samarbeid med TINE, også i år arrangera Tine fotballskule på Syril stadion. Fotballskulen er for ALLE born fødd mellom 2010 og 2014 (8 – 12 år).
Fotballskulen startar måndag 8. august og varer til og med torsdag 11. august (veke 32). Første dag oppmøte kl. 09.00 for registrering og utdeling av utstyr. Dei andre dagane oppmøte kl. 09.45. Det er fotballskule frå kl. 10.00 til 14.00. (Maks 100 deltakara.) Fotballskulen vert avslutta på torsdagen med turnering og grilling (verforbehold) og utdeling av diplom.
På første dag vil alle deltakarar få utdelt profilprodukt frå TINE (sekk og t-skjorte). I tillegg vil kvar deltakar få utdelt ein fotball som skal nyttast under fotballskulen og ei drikkeflaske.
I år vil vi i tillegg tilby kjøp av lunsj og vi har fått lånt mediateket til å ete i. Lunsjen vil bestå av varmmat og i tillegg kan ein få brødmat med eit utval av pålegg. Nærare informasjon om kva type varmmat kjem seinare. Kvar dag vil deltakarane få utdelt eit drikkeprodukt frå Tine i samband med lunsj. Det vil også bli servert frukt. Dei som ikkje ynskjer å kjøpe lunsj, må ta med matpakke. Det er viktig med påfyll av veske undervegs, så ta med ekstra drikke/vatn.
Syril fotball står for den praktiske gjennomføringa, deltakarane vil bli delte inn i grupper etter alder og vil då bli saman med andre frå same klassetrinn. Det blir lagt opp til eigne keeperøkter gjennom fotballskulen. Dei som ynskjer å delta på dette, lyt hake av for dette i påmeldingsskjemaet.
Vi ber foreldre/føresette om å sjølv vera til stades der born har spesielle behov eller behov for ekstra oppfølging. Dette for å sikra ei god oppleving for alle. Grunna tidlegare erfaringar, er det ikkje tillate med mobilbruk i det tidsrommet fotballskulen går føre seg.
Nærare informasjon om opplegg for dagane m.m. vil bli informert ut når dette er klart.
Kostnad
Deltakaravgifta er sett til kr 850 per deltakar, men med reduksjon til kr 500 for barn nummer to (eller fleire) i same familie (søskenmoderasjon). Lunsj alle dagar (måndag – onsdag) er sett til kr 150 eller kr 50 pr dag pr deltakar.
Påmelding og betaling
Fyll ut skjema som de finn her: Påmeldingsskjema
Bindande påmelding, med innbetaling av deltakaravgifta og eventuell lunsj til konto 3781 14 13101 seinast 1. august 2022. Hugs å skrive på deltakarinformasjonen (namn og årskull)!
Me ynskjer alle velkomne til å bruke dei siste dagane av skuleferien til å spele fotball i lag med mange andre fotballvener.
Med helsing Fotballgruppa i SYRIL
v/Andreas Thue 992 90 335, Reimund Breisnes Loven 917 16 696