Kongleriket miniputt-turnering 10. juni

Sundag 10. juni vart det arrangert Kongleriket miniputt turnering på Syril stadion. Om lag 450 spelarar frå Syril, Sogndal, Norane, Bjørn og Luster/Fanaråk sørga for god stemning og mange fine skåringar!

Fokus for dagen var sunt kosthald. Med sponsa produkt frå Bama vart det laga til sunne og tilbydane fruktkoppar og andre matvarer. Det var stor aktivitet i kiosken gjennom heile turneringa.
Det var framifrå stemning heile dagen, både ungar og vaksne såg ut til å ha ein kjekk fotballdag! Syril fotball vil takke alle som har bidrege til å lage eit flott arrangement!