I går, torsdag 16.juni spelte Syril J12 Fair Play kamp mot Bjørn J12 på Syril Kunstgras. Resultatet vart 5-4 til Syril. Under ser ein bilete frå Fair Play samtalen som spelarane, støtteapparatet til laga og dommaren hadde saman med representanten frå kretsen. Laga tok og ei felles lagbilete, og hadde oppstilling med namneopprop før kampen. Gjennomføringa av kampen og arrangementet var i god Fair Play ånd, og det var godt oppmøte av foreldre og anna publikum.
Amund B. Vikdal utteken til proffveka 2016
Amund Bäckström Vikdal er utteken til proffveka 2016 i Stryn. Proffveka i Stryn er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter mellom 13 og 16 år. Gratulerar og lukke til!
Fair Play kamp 16.juni
Torsdag 16.juni kl. 18.00 spelar Syril J12 fair play kamp mot Bjørn J12 på kunstgrasbana. Kiosken er open, og speakar er på plass for å lage stemning rundt arrangementet. Håpar me ser deg på kamp denne dagen!

Kampar veke 24

Klar for stikking og merking
Thor Arne har vore på Coop Byggmix, henta avkapp og gjort klar ca 60 stikker for merking. Stikkene skal brukast til å merke opp sti eller retning til turpostar over tregrensa eller der det er vanskeleg å merke på andre måtar. Vi kjøper også inn raud spray til merking på stein og tre.
I første omgang ser vi for oss merking her:
- Bergsete mot toppen av Kvannaskard – Det skal bli lettare å finne stien ned Kvannaskard (Thor Arne)
- Bergsete mot Moldbakken – Det skal bli lettare å treffe stien som går ned Moldbakken (Thor Arne)
- Sevi til Kjeringafjell – Frå sælet mot starten på stien som skråar opp og inn i Nuvedalen for lettare å finna den både på opp- og nedtur. Eventuelt nokre stikker opp til platået med Blankavatnet.
- Lusaskard – Nokre stikker frå Rjupeskar (same namn som i Kleppa-området), der du kjem opp frå skogen på stien frå Skagasete mot Lusaskard.
- Rjupeskar – Frå der stien skil lag frå stien til Stokksete (Arild)
- Stokksete – opp til Kallbakk for å kome saman med stien som går vidare opp til Rjupeskar.
- Smørklett – I hovedsak over myrene like før austryggen til turpostkassen (Arild)
- Mælen – Frå der ein går av stien til Dalsbotnen. (Thor Arne)
- Vassvarden – Vurderer nokre stikker i over Daurmålhaug.
- Fadnastølen mot Kvannaskard – Nokre stikker frå sælet til Karin, over bekken og fram til der stien går inn mellom granfelta og opp til platået til Havravotni. (Arild)
Vil du vere med på merkinga, ta kontakt med Thor Arne eller Arild. Kontaktinformasjon finn du på trimsida: https://syril.no/trim/
Referat frå årsmøte i fotball
Litt seint, men her er referatet frå årsmøtet i fotball halde den 23.02.2016.
Kampar veke 23

Lustraløpet
Søndag 05.06.16 gjekk Lustraløpet av stabelen. Lustraløpet går frå Nes og inn til Luster og er på 1 mil. Syril var representert med ein løpar: Ida Bjørk, som stilte i klassen 15-17 år. Dette var hennar første langdistanseløp.
I nasjonalromantiske omgivnadar, bada i sol, med temperatur godt over 20 grader i skuggen og vindstille, kunne det bli varmt for nokon og einkvar. Trass varmen kom Ida i mål på tida 43 minutt og 46 sekund, som var 1 minutt og 14 sekundar raskare enn målet ho hadde sett seg.
Ida var samla sett andre jente/dame i mål.
Foto: Ane Bjørk
Kampar veke 22

Honndalsleikane 2016
Laurdag 28.05 tok Eirik Skrede Valvik, Per Bjørk og Amanda Marie Dyngen turen til Hornindal. Per og Eirik deltok i 60 meter, lengde og høgde. Amanda på 600 og 1500 meter.
Erik Skrede Valvik sette ny personleg rekord i lengde med 4,42 m.
60 meter:
- Aron Solheim Engelsen – Breimsbygda IL 8,19 s
- Eirik Skrede Valvik – Syril – 8,47 s
- Nikolai Saetren – Hornindal IL – 8,52 s
- Per Bjørk – Syril – 9,57 s
Lengde:
- Nikolai Saetren – Hornindal IL – 4,67 m
- Eirik Skrede Valvik – Syril – 4,42 m
- Per Bjørk – Syril – 3,92 m
Høgde:
- Eirik Skrede Valvik – Syril – 1,45 m
- Per Bjørk – Syril – 1,30 m
600 meter:
Har ikkje fått resultata enno
1500 meter:
Har ikkje fått resultata enno